Stangaland kommune
Stangaland kommune i Rogaland vart oppretta i 1909, då han vart utskild frå Avaldsnes. Innbyggjartalet var då 1001. I 1965 vart Stangaland ein del av storkommunen Karmøy. Også Avaldsnes, Skudenes, Skudeneshavn, Torvastad og Åkra vart innlemma i Karmøy kommune.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Stangaland» i Store norske leksikon