Stanghelle
Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune. Tettstaden, som har 781 innbyggjarar (pr. 1. januar 2018), ligg ved Dalevågen på austsida av Veafjorden. Gjennom Stanghelle går både E16 og Bergensbanen; ved Stanghelle stasjon stoppar lokaltoga på strekningen Myrdal-Bergen. Stasjonen opna i 1883 då Vossebanen sto ferdig.