Stavsholtvegen (Bø i Telemark)
Stavsholtvegen på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune går frå Livegen i svingen ved Bergskås og inn til Stavsholt / Stavsholtmyrane der den møter Brekkegrendvegen på 540 moh. Han er om lag 7 kilometer lang og går i aude skogs- og fjellterreng.
Vegen har namn etter området Stavsholt og blei namnsett i 2014.
Kjelder
- Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 045/14, 29. april 2014: Nye veg- og områdenamn
- Kartverket: norgeskart.no