Stigfjellvegen

Stigfjellvegen i Seljord kommune slyngjer seg i bratt lende nordover frå Manheimstrondi. Etter ein dryg kilometer går han forbi gardane Strond nedre og Strond øvre. Her går ei sidegrein austover til dei tre gardane Rugtveit Nordigard, Mittgard og Sudigard. Frå Strond går vegen vidare oppover omlag halvannan kilometer til garden Manheim, og herifrå vidare på sørsida av Lifjell drygt seks kilometer aust, over Stigfjellet, til stølen Engnos som ligg på 708 moh. Utanom sidegreinene er vegen om lag 9,5 kilometer lang, har ei stigning på 560 meter og går for det meste gjennom skog.

Stigfjellvegen sett nedover mot garden Strand nedre (gnr. 7/1).
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter Stigfjellet og vart namnsatt i 2005.

Ved Langemyrklomri går ein sti kring 500 meter austover til Ballongfararsteinen, eit minnesmerke over ei uvanleg hending. Her enda ferda for dei to franskmennene Léon Bézier og Paul Rolier som kom med luftballong frå eit beleira Paris november 1870. Planen var at dei skulle lande like utenfor Paris, men ferda endte på Lifjell.

Kjelder


Koordinater: 59.44864° N 8.74356° Ø