Storesunde krins
Storesunde krins var 4. krins i Stryn herad og omfatta i 1861 gardane: Lunde, Øvreeide, Skår, Bakkelid, Tenden, Storesunde og Mindresunde. I 1876 vart Mindresunde lagt til Dispen krins då Fure og Dispen krins vart delt i to.
Då den nye skulen stod klar i 1976 vart denne sentralskule for krinsane Flo, Fure/Veslebygda, Dispen og Storesunde/Tenden.
Skulehus
Tenden skule
- Byggeår: 1887
- Fungerte som skule: 1888-1976
- Anna bruksområde: Fritidshus i privat eige.
Nye Storesunde skule
- Byggeår: 1975/76
- Fungerte som skule: 1976-dd
- Anna bruksområde:
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Sunde | T. | 1850 | 1871 | ? | Stord seminar | Lærar i 2. avdeling. Også lærar i Ytreeide krins |
Rise | D. | 1847 | 1872 | ? | Stord seminar | Lærar i 1. avdeling. Også lærar i Fure krins og Strandsida krins |
Tunold | Sigbjørn | 1903 | 1926 | 1927 | Volda lærarskule 1926 | Vikar i Storesunde 1926-27. Seinare lærar ved Grov skule |
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Innvik (1891-1895, 1896-1900) og Stryn (1891-1895, 1896-1900)
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.