Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1817

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1817 var prega av dramatikk i fleire rundar. Amtmann Christian Magnus Falsen greip inn mot forsøka på bondemobilisering under valet. Falsen sjølv vart vald, men valet av han forkasta då Stortinget opna. Valtinget vart halde i Sauesund i Askvoll 22. september 1817.

Valde representantar

Desse vart valde:

Verv Namn/tittel Merknad
1. repr. Oberstløytnant Ole Elias Holck Hadde møtte på riksforsamlinga som militær representant
2. repr. Gardbrukar L. J. Thingnæsset
3. repr. Amtmann Christian Magnus Falsen Hadde møtt på riksforsamlinga, og var 1. repr. for Nordre Bergenhus 1815
1. suppleant Gardbrukar Ole T. Svanøe
2. suppleant Gardbrukar A. O. Wereide
3. suppleant Gardbrukar J. Flikki

Falsen var busett i Bergen, men valet av han i 1815 hadde vorte godkjent av Stortinget. Ved godkjenninga av fullmaktene i Stortinget 4.2.1818 vart derimot Falsen forkasta med 37 mot 32 røyster og 1. suppleant (Ole Svanøe) innkalla. Konstituert amtmann, futen Kjørboe, kalla inn gardbrukar Lars Christensen Ous som hadde vorte nummer fire på representantvalet. Ous møtte på Stortinget 9. mars, men var ikkje oppført som 1. suppleant i fullmakta og vart difor avvist. Suppleantane var valde ved særskilt val, og der hadde Ole Svanøe fått flest røyster, han vart difor innkalla. Svanøe vart likevel sjuk 25. mars, så Wereide vart innkalla og møtte frå 13. april og utsesjonen.

Valmenn

Fylgjande valmenn møtte (rekkefølgje og skrivemåten av namn og tittel etter valprotokollen):

Nr Namn i protokollen Yrke/tittel Prestegjeld Merknad
1 Proprietaire Rumohr syg; i hans Sted, Capitaine Wiegh kaptein Lærdal
2 Tøger Hansen gardbrukar Lærdal
3 Lars Olsen Faaberg gardbrukar Jostedal
4 Jørgen Torkildsen Flicke gardbrukar Luster
5 Tøger Halvorsen Næss gardbrukar Luster
6 Leutenant Falck løytnant Sogndal
7 Irgens sorenskrivar Sogndal
8 Mons Larsen Eggum gardbrukar Sogndal
9 Ole Rasmussen Feedt gardbrukar Hafslo
10 Hermund Bottolphsen Lunde i Ole Nielsen Oklevigs Forfald gardbrukar Hafslo
11 Kirkesanger Olsen kyrkjesongar Aurland
12 Ole Rognaldsen Ohnstad gardbrukar Aurland
13 Postexped. Lem postekspeditør Leikanger
14 Lehnsmand Opdahl lensmann Leikanger
15 Kapellan Daae kapellan Leikanger
16 Lehnsmand Skadem[?] lensmann Vik
17 Klokker Liliedahl klokkar Vik
18 Major Holck meldt Forfald major Lavik
19 Ole Andersen Torvind gardbrukar Lavik
20 Sorenskr. Voss sorenskrivar Eivindvik
21 Claus Monsen Opgulen[?] gardbrukar Eivindvik
22 Mons Andersen Losnen gardbrukar Eivindvik
23 Ole Johannesen Stokkevog gardbrukar Eivindvik
24 Pastor Heiberg sokneprest Askvoll
25 Giæstgiver Haland gjestgjevar Askvoll
26 Geert Jonassen Leervog (overstroken) gardbrukar Askvoll
27 Sorensk. Landmark sorenskrivar Ytre Holmedal
28 Serg. Mons Andersen Biergene sersjant Ytre Holmedal
29 Niels Ellings. Flekke gardbrukar Ytre Holmedal
30 Søren Hansen Sæhle gardbrukar Indre Holmedal
31 Ole Olsen Thormoset gardbrukar Indre Holmedal
32 Anders Halvosen Døscheland gardbrukar Indre Holmedal
33 Ole Torgersen Svanøe gardbrukar Kinn
34 [a] Lehnsmand Tyvold lensmann Kinn
34 [b] Peder Abrahams. Steenhovden gardbrukar Kinn
34 [c] Peder Helmers Florøen gardbrukar Kinn
35 Lehnsmand Bruland lensmann Førde
36 Lars Jacobsen Wefring gardbrukar Førde
37 Ole Siursen Saaland[?] gardbrukar Førde
38 Christian Andersen Høgset gardbrukar Førde
39 Niels Danielsen Kiøsnæs gardbrukar Jølster
40 Hans Erichsen Helgiem gardbrukar Jølster
41 Niels Tollefsen Løset gardbrukar Jølster
42 Lehnsm. Ole Mortensen Lem[?] lensmann Davik
43 Jørgen Rasmussen Humborstad gardbrukar Davik
44 Eilef Absalonsen Sørheller gardbrukar Davik
45 Lars Chistiansen Ous gardbrukar Eid
46 Dannebrogsm. Erik Olsen Nord gardbrukar Eid
47 Sognepr. Blickfeldt sokneprest Eid
48 Rasmus Rasmussen Lervog gardbrukar Eid
49 Ole Jørgensen Holme gardbrukar Gloppen
50 Absalon Olsen Wereide gardbrukar Gloppen
51 Torbiørn Andersen Leite gardbrukar Gloppen
52 Hans Rasmussen Rosæter gardbrukar Gloppen
52b Steffen Thorstens. Biørkelo gardbrukar Gloppen
53 Ole Snersen Skodden gardbrukar Innvik
54 Lars Rasmussen Mindre-Sunde gardbrukar Innvik
55 Ole Andersen Bergsæter gardbrukar Innvik
56 Thor Jackoniasen[?] Yrie[?] gardbrukar Innvik
57 David Rasmussen Yrie gardbrukar Innvik
58 Peder Ingebrigtsen Schorge gardbrukar Selje
59 Berge Rasmusøn Stave gardbrukar Selje
60 Abraham Joensen Schram gardbrukar Selje

Valet

Då valet skulle byrje, hadde Torgeir Næss sett seg sjølv og to andre bønder på røystesetelen. Han sikta mot eit sterkt bondeval og attval for seg sjølv. Amtmann Falsen oppdaga dette og kravde munnleg røystegjeving. I denne situasjonen greidde ikkje bøndene å opptre samla, og Torgeir Næss vart ikkje attvald, det vart derimot Falsen. Røystetala for representantane var Holck (55 røyster), Thingnæsset (43) og Falsen (27). Deretter fekk Ous 20 røyster. Det var såleis eit stort sprik mellom Holck, som ikkje var på valmøtet, og Falsen. Suppleantane vart valde med særskilt val. Dei som vart valde, fekk 32, 26 og 16 røyster.

Kjelder

  • Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
  • Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Valprotokoll 1815-1925.
  • Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 1. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 52 (Digital utgåve, NBdigital).
  • Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel (red.) (2014). Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Oslo: Novus forlag. (4 artiklar om Sogn og Fjordane)