Strannavegen (Sauherad)

Strannavegen i Midt-Telemark kommune går frå krysset med Gvarvvegen og GvarvgataGvarv, langs Norsjø sin vestbredd og til Nome kommunegrense der han møter Sauheradvegen. Strannavegen er ein del av riksveg 36 og er kring 8,4 kilometer lang.

Strannavegen sett nordover ved nr. 386, Kåsa (gnr. 196/12).
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter området Stranda, eller Ytre Stranda og blei namnsett i 1999.

I dag meiner ein med Stranda det området av bygda som ligg på vestsida av Norsjø sør for Gvarv, frå Nordadal, gnr. 194, og sørover til Gurstad, gnr. 101, ved grensa mot det gamle Holla, nå Nome kommune. Her ligg gardane langs Norsjø i varierande høgde og avstand frå vatnet. På Ytre Stranda har vanleg skrivemåte vore Stranna!

Mellom 2016 og 2018 blei den 7 kilometer lange strekninga frå Årnes til Slåttekås i Nome rusta opp til 8,5 meters bredde og med gang- og sykkelveg. Ved Holte blei et kurverikt parti av vegen erstatta av den 220 meter lange Holtetunnelen.

Kjelder


Koordinater: 59.38805° N 9.16577° Ø