Stutebuvegen
Stutebuvegen i Sauheradfjella i Midt-Telemark kommune går sørover frå Seterdalsvegen like sør for Seterdalstjønn til det nye Store Damtjønn hytteområde. Han er om lag 3 kilometer lang.
Vegen har namn etter lokaliteten (stulen?) Stutebu.
Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Plan- og forvaltningsenheten: Framlegg om offisielle adressenavn på skogsbilveger i Sauherad.