Sunnhordland Museum
Sunnhordland Museum, tidlegare Sunnhordland Folkemuseum, vart stifta i 1913 som eit regionmuseum for Sunnhordland, og held til i Leirvik på Stord. Ein sentral skikkelse i opprettinga av museet og fram til byrjinga av 1960-talet var Kristofer Sydnes, ikkje minst gjennom det arbeidet han la ned som redaktør for Sunnhordland Årbok. Boka kom ut fyrste gong i 1914, og har dei siste åra kome ut i form av temabøker. Sidan slutten av 1970-talet har Tore Lande Moe sett sitt preg på museet, både gjennom den daglege drifta, som konservator og i arbeidet med årboka.
Forutan dei faste samlingane omfattar museet Sæbøtunet i Etne med sju godt bevarte og utstyrte hus, Sunnhordlandstunet på Stord med fleire eldre bygningar, m.a. Ådlandstova frå 1400-talet, Klostertunet med ruinane av Halsnøy kloster, Sæbøtunet i Etne, Nerheimstunet i Vindafjord kommune (Rogaland), Gruvemuseumet på Litlabø på Stord, Gjerdetunet i Mauranger i Kvinnherad og Seløystova på Onarheim i Tysnes, forutan Nistovetunet i Omvikedalen, Kvinnherad, Årskog Museum på Fitjar, Stord Maritime Museum og Møllebuo ved Leirvik, Stord.
I dei faste utstillingane er det ei skulptursamling etter bilethoggaren Torleiv Agdestein (1883–1959).
Litteratur og kjelder
- Anstein Lohndal: Bygdemuseet og sogelaget 1913-1938. Sunnhordland Årbok, 2012.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Sunnhordland museum (Sunnhordland folkemuseum) på Digitalt museum.
- Sunnhordland museum (Sunnhordland folkemuseum) på KulturNav