Sunnylven

Sunnylven er ei bygd på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Bygda ligg rundt den indre delen av den tronge Sunnylvsfjorden og armen Geirangerfjorden. Mykje av busetnaden er samla rundt tettstaden Hellesylt i botnen av Sunnylvsfjorden.

Bautasteinen på Korsbrekke, der den gamle Sunnylvskyrkja sto.
Foto: Dag E. Bertelsen (2009)

Sunnylven kommune vart oppretta som Sunnylven formannskapsdistrikt i 1837, men 1. januar 1965 vart Sunnylven samanslegen med Stranda til den nye Stranda kommune. Ved samanslåinga budde det 1221 personar der, medan folketalet i 1920 var 1569. Kommunen hadde eit areal på 566,32 km2.

Sunnylven svarar til sokna Sunnylven og Geiranger. Geiranger kyrkje er frå 1842, medan Sunnylven kyrkje vart bygd i 1859.

Bygda har mykje av den spektakulære vestlandsnaturen som har trekt til seg turistar sidan 1800-talet. I Aschehougs konversationsleksikon frå 1925 heiter det at Sunnylven har «betydelige indtægter av turisttrafikken».

Høye mægtige fjelder reiser sig steilt fra de trange, dype fjorder til høider paa over 1600 meter. (Skruen 1610 m., Hornindalsrokken 1630 m., Saathorn 1780 m.). Vakre fosser styrter sig utover fjeldsiderne (Brudesløret, De Syv Søstre).

Tradisjonelt har fedrift vore ei anna viktig næring i Sunnylven, som har hatt gode fjellbeiter.

Kjelder og litteratur