Synagogen i Østre Elvebakke
Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania var Det Mosaiske Troessamfunds synagoge frå 1903 av. Lokalet, som tidlegare hadde vore møtelokale for IOGT, var leigd av DMT fram til 1916, da kommunen skulle byggje om til yrkesskule. DMT fekk da ei tomt som gåve frå grosserar Israel Herman Feinsilber og kona Anna Sophie ved den delen av Geitmyrsvegen som seinare bytta namn til Bergstien, og bygde den noverande synagogen i Bergstien, som vart innvigd i 1920.