Taffelpiano
Eit taffelpiano (‘bordpiano’) er ein type piano som var populær på store deler av 1800-talet. Når ein lukkar tangentlokket, ser instrumentet ut som eit bord. Kring 1900, da instrumenttypen forlengst var gått av moten, vart instrumentet ofte kalla spinett mange plassar i Skandinavia. Men taffelpianoet er eit hammarpiano, medan det eigentlege spinettet er ein type cembalo.