Telemark svinavlslag
Telemark svinavlslag blei skipa på ungdomshuset Sandvin i Bø i Telemark den 25. november 1959. Laget var organisert under Norsk Svinavlslag, konstituert i 1958. Torgrim Lovald var fyrste leiar i laget. Elles sat Morten Sørensen frå Gjerpen og Arne Midtsund frå Kviteseid i styret.
- 1959-1962: Torgrim Lovald, Bø
- 1962-1970: Olav L. Kjellemo, Lunde
- 1970-1971: Arne A. Søli, Porsgrunn
- 1971-1973: Halvor K. Sondbø, Kviteseid
- 1973-1979: Asbjørn Nordbø, Siljan
- 1979-????: Karl Staaland, Kviteseid
I Telemark svinavlslag fanst det ei rekkje lokallag.
Lokallag | Etablert | Opphørt | Kommune |
---|---|---|---|
Åmotsdal svinavlslag | 1955 | Seljord | |
Tinn rånelag | 1956 | Tinn | |
Kviteseid rånelag | 1943 | Kviteseid | |
Lunde rånelag | 1961 | Nome | |
Bø svinavlslag | 1970 | Bø | |
Notodden svinavlslag | 1973 | Notodden | |
Siljan svinavlslag | 1975 | Siljan | |
Seljord rånelag | 1961 | Seljord |
- Foldsæ landbruksskule, Hauggrend, 1955-1961.
- Frogner Småbrukarskule, Gjerpen, 1956-1965.
- Marit og Sigurd Sønstebø, Bø, 1959-1965.
Alle svinavlsstasjonar i landet blei avvikla 1. januar 1965.
Kjelder
- Indrebø, Torvald, Telemark svinavlslag 20 år : 1959-1979, Skien : Svinavlslaget, 1979. Lenke til oppføring på bokhylla.no.