Televegen (Bø i Telemark)
Televegen i Bø i Midt-Telemark kommune går frå Vaskebergvegen til Elvefaret i Grivimoen industriområde. Han er 240 meter lang.
Vegen fekk namn etter Televerket avd. Bø som låg her og blei namnsett i 1988.
Grivimoen industriområde ligg på Grivi mellom Valenvegen og Bøelva.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Teknisk utval, sak 13/88.