Tore Olsson Opdøl
Tore Olsson Opdøl (1773-1827) var lensmann i Sunndal tinglag i perioden 1793-1827. Han var fødd på Opdøl i Sunndal i 1773. Han vart gift i 1800 med Anne Olsdtr. Erstad, som han fekk sju born med. Han fekk skøyte på farsgarden Opdøl, bnr.1, i 1804. Før overtakinga av Opdøl hadde han i nokre år drive ein part i garden Valset i Sunndal. Tore Olsson drukna i elva Driva i 1827.
Tore Olsson Opdøl overtok lensmannsombodet etter far sin som døydde i 1793. Lensmannsombodet i Sunndal tinglag følgde denne slekta og garden i fem generasjonar, frå far til son. Stillinga som lensmann var såleis i slekta i ein periode på over 100 år, frå ca. 1716 og fram til 1827. Tore Olsson var den siste i denne rekkja av lensmenn frå Opdøl. Lensmennene på Opdøl var representantar for eit bondearistokrati på Nordmøre.
Våren 1814 var Tore Olsson Opdøl valmann for Sunndal prestegjeld.
Kjelder:
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, Kristiania 1914, s. 327.
- Seljedal, Ivar og Sande, Jostein, Sunndalsboka, bd. 5, s. 129-137.
- Tore Olsson Opdøl i Historisk befolkningsregister.