Torleif Drottnings Landhandel
Torleif Drottnings Landhandel ligg like ved fylkesvegen Åmot-Rauland på garden Drottning Nedre. Forretninga starta opp hausten 1928. Torleif Drottning budde sjølv på garden som forretninga var ein del av.[1] Forretninga var ein assortert landhandel med årleg omsetting på 65 000 kroner i 1949.[2]
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Norske Gardsbruk, Telemark Fylke II, Oslo, 1955. Digital utgåve på bokhylla.