Tresfjord kyrkje

Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkjeSylte inst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og er bygd i tømmer. Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i kommunen. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Tresfjord kyrkje.
Foto: Jan-Tore Egge (2014).
Interiør av Tresfjord kyrkje
Foto: Kirkenorge.no

Tresfjord kyrkje blei restaurert til 100-årsminne i 19271929. Ho blei grundig reparert og restaurert igjen i 20062007, etter at ho ein periode måtte støttast opp med wire. Kyrkja er rikt dekorert, og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.

Lærar Nils Ingvard Aanes var organist frå 1921. I 1927 vart han òg formann i soknerådet.

Kjelder og litteratur