Tysnes (øy)
Tysnes er namnet på ei halvøy i Tysnes kommune. Det er også namnet på den største øya i kommunen, Tysnesøy. På sjølve staden Tysnes låg tidlegare kyrkjene i Tysnes sidan mellomalderen, inklusive den noverande Tysnes kyrkje som vart flytta til ny stad i 1906, og prestegarden som låg her fram til 1927. På det same området finn ein også Todneset, med ei gravrøys og ein bautastein frå jernalderen.