Utvandringa frå Lesja til Nord-Amerika

Utvandringa frå Lesja til Nord-Amerika går inn i den store nasjonale flytterørsla som gjekk føre seg i hovudsak frå 1825 til 1930. Frå Lesja starta den i større omfang i 1866 og gjekk føre seg til kring 19__. Det var ein dramatisk prosess, folketalet i kommunen var 3364 menneske i 1865 , 3276 i 1875 og i 1900 hadde det gått ned til 2633 menneske.

Minnestein over utvandringa ved Lesjaskogkyrkja, reist 1991. Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Det har vore meint at den første som utvandra frå Lesja var Ola Persson frå Vesl-Enstad (f. 1825). Men óg Knut Olsson frå Tømmerbakken, Åsen (f. 1830) reiste same året.

Minnesteinen på Lesjaskog inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Kjelder