Værlandet skule

Værlandet skule i Askvoll kommune vart bygd på 1960-talet og har fungert som eit samlingspunkt for bygda. Då bruene mellom Værlandet og Bulandet kom i 2005, vart Værlandet skule lagt ned og slått saman med Bulandet. Det siste året på Værlandet skule vart skuleåret 2003/2004.

Skulehuset

Skulehuset som stod nytt i 1961 hadde to etasjar pluss kjellar, panel på veggane, belegg på alle golv, dusj og gymsal. Bygningen vart vigsla jonsokdag 1962.

Anna bruksområde

Etter at skulen vart lagt ned, fekk Værlandet Vel kjøpe bygningen for å lage gjesteheim. Skulen vart sett i stand på dugnad. Det vart laga nye toalett, og klasseromma vart delt opp til mindre rom. Første året som gjesteheim, vart det utleigd ca. 200 gjestedøgn, noko som fort steig til 1000 gjestedøgn for året. I starten vart Værlandet Gjesteheim drive på dugnad, men etter kvart tok Værlandet Gjestehamn over drifta.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.311034° N 4.727943° Ø