Valdresmusea
Valdresmusea er eit konsolidert museum i Valdres i Oppland. Det vart stifta i 2006 som driftsorganisasjon for Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum.
I 2008 vart det inngått avtale om drift av Gardbergfeltet, og same året tok Valdresmusea over drifta av Norsk institutt for bunad og folkedrakt, som held til på Valdres Folkemuseum. Der finn ein og instrumentverkstaden, folkemusikkarkivet, fotoarkivet og ei avdeling av Opplandsarkivet.