Valle prestegjeld
Valle prestegjeld i Setesdal omfatta hovudsoknet Valle og annekssokna Hylestad og Bykle. Ved avviklinga av prestegjeld i 2000-åra vart det erstatta av Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd og Bykle kyrkjelege fellesråd.
Prestegjeldet låg i Otredal prosti i Agder bispedøme (tidlegare Kristiania stift, no Agder og Telemark bispedøme).
Delar av arkivet frå prestegjeldet gjekk tapt i ein brann i prestegarden i 1861.