Vats kommune
Vats kommune (lokal uttale vass) var ein kommune i Rogaland. Han vart oppretta i 1891 ved utskiljing frå Skjold kommune. I 1965 vart områda på sørsida av Yrkjefjorden overført til Tysvær, medan størstedelen av kommunen vart ein del av storkommunen Vindafjord. Ved sammenslåinga var Vats på 124 km². Kommunen svara til Vats sokn i Skjold prestegjeld.
Namnet er ei forkorting av vatn i genitiv.
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Vats. kommune i Store norske leksikon