Ve (Tysnes)

Ve er ein grend i Tysnes kommune, Vestland fylke. Stadnamnet Ve kjem frå norrønt vé, som i tillegg til tydinga "heim", "bustad" også tyder "ein heilag stad", "ein blotstad". Ve (Tysnes) vert såleis sett i samband med Vevatnet i nabobygda Lunde (Tysnes).