Vidar Atne

Vidar Atne (fødd 9. juli 1894 i Horten, død 6. januar 1962 i Oslo) var skattejurist og NS-oppnevnt fylkesmann i Sogn og Fjordane 1941-1944.

Vidar Atne.
Foto: Faksimile frå Studentene fra 1912 (1937)

Bakgrunn

Atne var døypt Tønsberg og tok Atne som slektsnamn i 1924. Foreldra var Andreas Sørensen Tønsberg (f. 1858 i Tønsberg) og Valborg Emilie Eriksen (f. 1869 i Larvik). Atne var fødd i Horten der faren var underkanoner på marinebasen, men familien flytte til Kristiania før 1900. Han tok middelskuleeksamen i 1909 ved Otto Anderssens skole og gymnaset ved Ragna Nielsens skole før han byrja på Universitetet i 1913.

Yrkesliv

Vidar Atne var kontorist ved Kristiania elektrisitetsverk 1912-1919 og tok juridisk embetseksamen i 1920. Frå 1. januar 1921 var han fullmektig hjå sorenskrivaren i Vinger og Odal, og frå 1922 til 1930 var han likningssekretær i Oslo. Atne tok tilleggsutdanning i skatterett (1930) og dreiv frå 1930 til 1935 eigen sakførarpraksis i Oslo. Frå september 1935 var Atne skatteinspektør i Oppland fylke og budde på Lillehammer.

Kring 1930 engasjerte Atne seg i pelsdyrnæringa. Hausten 1929 var han med på skipinga av Akershus Sølvrevavlslag der han representerte Rognlia pelsdyrfarm. Same hausten var han med på aksjeinnbydinga til Tufte Revegard A/S I Stokke, og hausten etter deltok han i etableringa av Jarlsberg Pelsdyrfarm A/S, som var annonsert som Noregs største pelsdyrfarm.

Nasjonal Samling

Atne melde seg inn i Nasjonal samling hausten 1940. Han fekk permisjon frå stillinga som skatteinspektør i Oppland for å bli kontorsjef ved fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane frå 1. juli 1941, og alt 26. juli vart han konstituert som fylkesmann etter at Hans Seip dagen før var avsett. Som fylkesmann gjorde Atne lite for å nazifisere forvaltninga, han protesterte mot arrestasjonar og kom stadig meir på kant med lokale NS-folk og tyskarar som ville ha ein meir handlekraftig fylkesmann. I juli 1944 vart Atne sjølv avsett og erstatta av offiseren Konrad Sundlo, som ei kort tid hadde vore fylkesmann i Akershus. Sundlo klaga etter overtakinga i juli 1944 på at kontoret var fullt av jøssingar.

Atne vart plassert i Finansdepartementet i Oslo med reiseforbod og vart nytta av NS-regjeringa som rådgjevar i skattespørsmål. I landssvikoppgjeret vart Atne i mai 1947 dømd for å ha vore med på å gjennomføra ei ulovleg statsforfatning. Han fekk 5 års tvangsarbeid, tap av borgarlege rettar i 10 år, tap av stillinga som skatteinspektør i Oppland og inndraging av 5000 kr. I formildande retning vart det lagt vekt på at Atne hadde handla ut frå ideele motiv, at han var motstandar av å bruke terror og hadde vore moderat i framferda si. Sjølv takka han retten for «fair handsaming». Domen var etter måten mild, men redaktør Ivar Tveit i avisa Sogn og Fjordane protesterte (anonymt) og bad om benåding.

Frå 1949 dreiv Atne sakførarpraksis i Oslo som spesialist på skattejus. Han døydde i 1962.

Ekteskap og barn

 
Vidar Atne er gravlagt i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Atne gifte seg 6. juni 1925 med Margit Fuhr (1889-1988) i Oslo, dotter av Hans Urdahl Fuhr (1854-1915) frå Luster og Marie, født Berg (1862-1926) frå Stokke. Dei fekk tre born:

  • Marit (f. 1926, død 14 dagar gamal)
  • Stein Arvid Atne (f. 1928), advokat i Oslo
  • Knut Olav Atne (1931-2010)

Stein Atne har fortalt om oppveksten på Leikanger i boka Krigsår (2005).

Kjelder og litteratur