Vinbekkvegen
Vinbekkvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går austover frå Folkestadvegen til Hellestad sandtak og Hegnunvegen. Han er om lag 1,3 kilometer lang og går gjennom jordbrukslandskap med innslag av skog.
Vinbekkvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter garden Vinbekk (gnr. 9/2) og blei namnsett i 1991.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.