Vrådal

Vrådal er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Staden ligg ved Vråvatn og nordre del av Nisser og bygdesenteret er Eidstog. Bygda hadde 215 innbyggjarar i 2012.

Nisservann i Vrådal, 1953
Foto: Nasjonalbiblioteket

Vrådal er ein turiststad. Næringsgrunnlaget er turisme, med hoteller, camping, hytteutbygging, skianlegg, småindustri og noko skogsdrift. Straand hotell med sine 125 rom har historie tilbake til 1864 da Kari og Olav Straand starta skysstasjon her. Vrådal kyrkje er ei langkyrkje frå 1887, teikna av arkitekt Christian Heinrich Grosch.

Straand hotell, i Vrådal, ca 1950
Foto: Nasjonalbiblioteket
Vrådal kyrkje

Vrådal sokn var tidlegare ein del av Kviteseid prestegjeld, og ligg no under Kviteseid kyrkjelege fellesråd.

Kjelder


Koordinater: 59.32772° N 8.41688° Ø