Bruker:Arnfinn Kjelland/Mellomlagring
Metode:Busetnads- eller gards- og slektshistorie, kjelder og arbeidsprosess
Meir allment om denne bygdeboksjangeren finn ein under gards- og slektshistorie. Her skal vi sjå nærare på kjeldene og arbeidsprosessane som må vurderast gjennomført i slike prosjekt.
Innhaldselement
Bygdebokverk kategorisert under denne nemninga kan ha særs forskjellig innhald. Men eit felleselement i så godt som alle har det som noko misvisande blir kalla slektshistorie, der stort sett alle menneske som har budd i «bygda» (undersøkingsområdet, kommunen o.a.) skal nemnast med vitale data: namn, fødsels- og dødstidspunkt, foreldre, evt. barn og bustaden(e) dei har budd på i heile eller delar av livet.
Vidare har dei fleste historisk informasjon om dei bustadene som menneska er plasserte under i større eller mindre grad, i litt eldre verk ofta kalla gardshistoria. Nokre del nyare verk, m.a. slike som erstattar eller oppdaterar eldre, har ikkje med slik historie i nemnande grad, men har lagt inn omtale på eit grendenivå i staden.
Kjeldegrunnlaget
kan i prinsippet vere alt som inneheld personinformasjon, medrekna slik som sjølve prosjektet skaffar til vege ved hjelp av skjema til enkeltpersonar og husstandar. Utfordringa er m.a. at offentleg personinformasjon frå dei siste 60-100 åra i prinsippet er sperra for innsyn og bruk i slike prosjekt. Da er ein heilt avhengig av informasjon ein sjølv samlar inn.[1]
Dei viktigaste opne primærkjeldene for dette arbeidet er, i prioritert rekkjefølgje:
1. Kyrkjebøkene, spesielt listene over dei vitale hendingane dåp, vigsel og gravlegging.
2. Dei nominative folketeljingane (dei som har namn på alle personar).
3. Dødsbuskifta.
4. Tingbøkene og pantebøkene (med register).
Dei fleste prosjekt nyttar òg mange andre kjelder: manntal, lensrekneskap, konfirmasjons-, inn- og utflytter- og vaksinasjonslister i kyrkjebøkene, emigrasjonslister frå hamnene den oversjøiske emigrasjonen gjekk ut frå, skuleprotokollar osv. Kjeldene bør absolutt vere daterte, slik at vi kan tidfeste dei i høve andre kjelder vi nyttar.
Felles for kjeldene er altså at dei må innehalde personinformasjon, og da såpass detaljert at det kan vere råd å identifisere kva for person det er snakk om. I praksis tyder det at berre eit førenamn vanlegvis ikkje er godt nok; namnefloraen var liten tidlegare, og det var særs mange sjølv i små bygder som heitte Ola eller Kari. Det kan vere nok med eit farsnamn; saman med fornamn og tidspunkt og saksforhold kjelda gjeld kan det vere nok til å identifisere ein person.
Dei fleste kjeldene nemnt over inneheld mykje meir personinformasjon, inklusive relasjonar til andre personar (t.d. fødsels- og / eller dåpsdato og namn på foreldra i dåpslistene i kyrkjebøkene, bustad m.a. Derfor reknar vi desse som dei viktigaste kjeldene.
Arbeidsprosessen (metoden)
går da ut på å samle informasjonen om kvar einaste person ein er i stand til å finne i kjeldene. Desse dannar da grunnlaget for å sette opp eit livsløp for personen frå fødsel til død (blir innafor historisk demografi kalla å lenke enkelthendingar som gjeld ein og same person). Kjeldene, i alle fall frå ut på 1700-talet og framover, inneheld òg nødvendig relasjons- og bustadinformasjon for å kople personen til andre personar ho / han har biologiske eller sosiale relasjonar til: slekt og hushald. Mange av kjeldene inneheld òg informasjon om kva bustad personen var knytt til på tidspunktet kjelda vart til.
I dag nyttar ein ofte dataprogram for å halde orden på og samle slike enkelthendingar / informasjonsbitar. Det kan enten vere standardprogram som relasjonsdatabasar, eller spesialtilpassa program for bygdebokarbeid.
I «før-dataalderen» måtte ein bruke papir, og da vart all informasjonen skrive over på kartotekkort eller -lappar, som så vart sorterte etter bestemte kriteriar (fornamn, farsnamn, fødselstidspunkt osv.) for å samla alle korta som galdt ein og same personen. Dette er det same som i historisk demografi er kalla familierekonstitusjon.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie». Lokalhistorisk magasin 2008 nr 2, s. 32-34.
Referansar
- ↑ Sjå nærare om dette problemet i Kjelland 2008.
[[Kategori:Metode|{{PAGENAME}}]] {{F1}}