«Trille-stille-revolusjonen»

«Trille-stille-revolusjonen» er ein revolusjon som knapt er nemnd i offentlege opplysingar. Likevel landskjend i si tid, omlag 1920- 1960. Pakkeløysing heiter det truleg i 2017. Aksel, lagring, nav, felg, slange og dekk. Med og utan bremser. Trillebåre-, handkjerre-, reiskaps-, tilhengar-, spesialmaskin-, landbruks- og anleggs-dekk og akselar. Seld i heile landet til reiskapsprodusentar som laga det meste. Aksel med hjul og dekk som passa rett på hestereiskapen der det før var jernskodde hjul var ein storseljar ein del år.

Askim Gummivarefabrikk under Peter Mathias Bretanus Røwde laga Viking bildekk. Det var «høghastigheits-dekka». Truleg ein like stor produksjon hadde «lavhastigheits-dekket» «Røvde»-hjulet i det som vart til «trille-stille». Tenk kor mange jernskodde hjul som vart skifta ut i tillegg til at størrelsen på reiskapen auka monaleg i landbriks-, anleggs- og skogsdrift.

Tellefsdal heitte ein annan av produsentane (men her må ein ny skrivar trå til)

Dette er interessant stoff. Rundt om i dei små fjordbygder var vegane dårleg. Vedlikehaldet var det gardbrukarane som delte på. Etter krigen, 1945, var skoddehjul einaste alternativ. På dårlege vegar høyrdest det vide om når ei hestevogn var i bruk. Den fyrste «Trille stille» i Høydalen var det brukaren på Ødegård som hadde. Han hadde ein svoger som skaffa to flyhjul i høveleg dimensjon. Felgen var dreia av bjørk og lager var ein metall bøssing, aksel var 1/2 toms rør. Dette fungerte fint og var i bruk i mange år. Seinare var det mange som fekk gummihjul på hestereidskapa. Då var det Røvdehjul ferdig med felg og aksel til salgs i butikkar som selde til landbruket.

Kjelder