Ørsta kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. feb. 2020 kl. 13:53 av Kallrustad (samtale | bidrag) (kategori, kommunereform i grannelaget)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Basisdata
Historisk(e) navn Ørsten
Kommunenummer 1520
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Ørsta
Areal 804.43  km²
Areal land 785.79  km²
Areal vann 18.64  km²
Folketall 10 812 (2018)
Grunnlagt 1883
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre . Kommunen har fire kyrkjer, Ørsta kyrkje, Vartdal kyrkje, Hjørundfjord kyrkje og Bjørke kyrkje.

Ivar Aasen var språkforskar, målmann, diktar og opphavsmannen til nynorsk (landsmål). Ivar Aasen-tunet blei åpna i 2000.

Europaveg 39 går gjennom kommunen, frå Volda i sørvest, gjennom kommunesenteret, vidare mot nord til ferjestaden Festøya. I kommunen ligg fjellet Saudehornet, som er 1303 meter høgt.

Sidan 1998 har Ørsta hatt eige vinmonopol.

Saudehornet, her seint på hausten, sett frå Skredefjellet i Høydalen
Foto: Magnar Høydal

Kommunehistorikk

Ørsta var tidlegare en del av Volda kommune, men frå 1883 sjølvstendig kommune med navnet Ørsten, I 1917 vart namnet endra til Ørsta. 1. januar 1964 vart Ørsta saman med dei tidlegare kommunane Vartdal og Hjørundfjord, slått saman til storkommunen Ørsta.

Nokre personar frå Ørsta

Eksterne lenkjer