Øvre Borgvin (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2020 kl. 01:50 av Rool (samtale | bidrag) (Endret kommune.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Borgvin sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Øvre Borgvin i Bø i Telemark går nordover frå Venåsvegen i feltet Borgja Terrasse i Breisås bustadområde. Han har fleire korte sidegreiner og endar blindt ved nr. 34.

Vegen har namn etter garden Borgja og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av frittliggjande bustadhus, for det meste einebustader.

Om namnevalet for Øvre- og Nedre Borgvin uttalte Vegnamnsnemda: «Nemda har ved dette namneframlegget festa seg ved at det er alt som talar for at nemnet Borgvin var nemnet på Borgja i eldre tid. Namnet Borgja kjem av Borg og vin. Dessutan har namnet i seg sjølv ein særmerkt og fin klang».

Kjelder


Koordinater: 59.40064° N 9.07488° Ø