Øvre Borgvin (veg i Bø i Telemark)

Sideversjon per 27. feb. 2017 kl. 01:02 av Rool (samtale | bidrag)

Øvre Borgvin i Breisås i Bø i Telemark går nordover frå Venåsvegen i bustadfeltet Borgja Terrasse. Den har fleire korte sidegreiner og ender blindt ved nr. 34.

Vegen har namn etter garden Borgja og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av frittliggjande bustadhus, for det meste einebustadar.

Om namnevalet for Øvre- og Nedre Borgvin uttalte Vegnamnsnemda: «Nemda har ved dette namneframlegget festa seg ved at det er alt som talar for at nemnet Borgvin var nemnet på Borgja i eldre tid. Namnet Borgja kjem av Borg og vin. Dessutan har namnet i seg sjølv ein særmerkt og fin klang».

Kilder


Koordinater: 59.40064° N 9.07488° Ø