Øyrebåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2017 kl. 09:20 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Øyrebåt er ein båt brukt i enden av ei «øyresnurpe» når nota skal setjast. Øyrebåten er festa i «øyra» (fyrste ende som går ut når nota blir sett) frå båten heile nota ligg på. Innfestinga er slik at øyrebåten legg seg 90 grader på nota og «bremsar» så nota byrjar gli ut av notbåten.

«Øyresnurpe» er namnet på det som samtidig og seinare er kalla «endesnurpe». Etter at «kraftblokka» kom i bruk på 1950-talet er den mest kjend som «kraftblokksnurpe». I dag er «øyrebåten» kanskje brukt på «småsnurparar» i smult farvatn i fjordane. Vanlegast, og alltid på ope hav blir det brukt ei ordning med drivanker som bremsar i sjøen og dreg ut fyrste notenden. Grunnen er sikkerheit for mannskapet som på denne måten unngår å bruke småbåtar. All handtering av not skjer frå båten med nota på.

I norsk samanheng har NRK med programskapar Dag Lindebjerg laga ein serie program: Der farty flyte kan der også bruk av endesnurpe i bruk både på havet og i fjordane er synt.

Øyrebåten var til bruk i fjordane ein «rogavl», normalt ein 18-20 fot stor robåt med «spegel» og «rull» i «dokker» bak. Grunnen var at dei då kunne bruke same båten til å handtere «stengjenota» når fisken skulle setjast i «lås»/«steng» ved land i påvente av levering.

Ved bruk av snurpenot på havet måtte det til større «øyrebåt» , gjerne ein gamal «snurpedoris» (på godt bygdamål), ein «snurpedorry».