Aasmund Olavsson Vinje: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 60: Linje 60:
Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre ei veke etter fødselen. Ho vart gravlagt på [[Vår Frelsers gravlund]].
Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre ei veke etter fødselen. Ho vart gravlagt på [[Vår Frelsers gravlund]].

Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen. Han var allereie sjuk då kona døydde, og hadde vore på [[Rikshospitalet]] ei lengre tid vinteren 1869/1870. At kona døydde fekk begeret til å renne over, og han klarte ikkje lenger å ligge på sjukehus i byen. Fjella lokka, og han kom seg innover i landet. Vinje reiste med [[Drammensbanen]] og [[Randsfjordbanen]] opp til [[Jevnaker]], og kom seg så over [[Randsfjorden]] med båt. På veg mot fjellheimen ville han innom venen Bang, som var prest på [[Granavollen]]. Bang budde på kapellangarden [[Sjo (Gran)|Sjo]], og den 28. juli 1870 kom Vinje fram dit og fekk eit rom i andre høgda. Derifrå kunne han sjå nordover til Jotunheimen; nærare fjella skulle han ikkje kome på sin siste reis. Han døydde på Sjo på [[Granavollen]] den 30. juli 1870, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved [[systerkyrkjene på Gran]] 3. august.
Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen. Han var allereie sjuk då kona døydde, og hadde vore på [[Rikshospitalet]] ei lengre tid vinteren 1869/1870. At kona døydde fekk begeret til å renne over, og han klarte ikkje lenger å ligge på sjukehus i byen. Fjella lokka, og han kom seg innover i landet. Vinje reiste med [[Drammensbanen]] og [[Randsfjordbanen]] opp til [[Jevnaker]], og kom seg så over [[Randsfjorden]] med båt. På veg mot fjellheimen ville han innom venen Bang, som var prest på [[Granavollen]]. Bang budde på kapellangarden [[Sjo (Gran)|Sjo]], og den 28. juli 1870 kom Vinje fram dit og fekk eit rom i andre høgda. Derifrå kunne han sjå nordover til Jotunheimen; nærare fjella skulle han ikkje kome på sin siste reis. Han døydde på Sjo den 30. juli 1870, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved [[systerkyrkjene på Gran]] 3. august.

Sonen Olav, som hadde fått både foreldra reve bort så kort tid etter at han kom til verda, dukkar i [[folketeljinga 1885]] opp som pleieson hos enka Pauline Augusta Kjeldseth (f. 1852 i Flekkefjord) på adressa [[Huitfeldts gate (Oslo)|Huitfeldts gate]] 18 i Kristiania. Ho hadde også sine to eigne sonar buande der. Dette var enka etter Carl Johan Kjeldseth, broren til Rosa Constance og såleis tanta til Olav Aasmundsson. Olav døydde på [[Dikemark sjukehus]] den 26. oktober 1932. I lensmannsprotokollen står det at han var typograf, og at han ikkje etterlat seg korkje arv eller arvingar.