Aasmund Olavsson Vinje: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 37: Linje 37:
Språkleg gjekk han gjennom ein prosess i 1850-åra. Han tok ikkje sjølv særleg mykje del i språkstriden i 1852, men merka seg det som vart sagt. Då han byrja å gje ut ''Dølen'' i 1858, gjekk han over til landsmål. Språket hans har vore sett som vinglande, men det går ei linje frå eit dansk skriftspråk til landsmålet. Linja tok nokre krumspring då han eksperimenterte med forma - den første landsmålsgrammatikken hadde kome berre ti år før - men den går tydeleg i retning av eit meir stabilt landsmål.

''Dølen'' skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til [[Trondheim]] for å sjå kroninga av [[Karl IV]], og da vart det eit lengre opphald i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv ''Ferdaminni fraa Sumaren 1860'' og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som del av ''[[Vort Land]]'', som vart utgitt av unionskritikarana i ''[[Døleringen]]''. Dette varte til september 1867, og så kom ''Dølen'' ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var ''Dølen'' heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i ''Dølen'' dekte ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg [[statthaldarstriden]], var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om [[Reformforeningen]], der mellom anna [[Ole Gabriel Ueland]] og [[Johan Sverdrup]] freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for [[Venstre]]. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på [[Stortinget]], som Vinje meinte var meiningstvang.  
''Dølen'' skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til [[Trondheim]] for å sjå kroninga av [[Karl IV]], og da vart det eit lengre opphald i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv ''Ferdaminni fraa Sumaren 1860'' og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som del av ''[[Vort Land (ukeblad)|Vort Land]]'', som vart utgitt av unionskritikarana i ''[[Døleringen]]''. Dette varte til september 1867, og så kom ''Dølen'' ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var ''Dølen'' heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i ''Dølen'' dekte ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg [[statthaldarstriden]], var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om [[Reformforeningen]], der mellom anna [[Ole Gabriel Ueland]] og [[Johan Sverdrup]] freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for [[Venstre]]. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på [[Stortinget]], som Vinje meinte var meiningstvang.  

Utdanningssaka var også viktig for Vinje. Han samarbeidde ei tid med [[Ole Vig]], drøfta framlegg til ny skulelov og arbeidde for lærarane sine kår. Litteraturmeldingar var også viktig i ''Dølen''. Vinje kritiserte Bjørnson sine bondeforteljingar i 1859; Bjørnson prøvde seg i ''Arne'' med eit fornorska bokmål, og gav ei idealisert framstilling av bønder, og dette likte ikkje Vinje. Ibsens ''Brand'' fekk heller ikkje god omtale, sjølv om Vinje der finn ein del gode ting også. [[Ludvig Holberg]] og [[Johan Sebastian Welhaven]] vart framheva som ideal; dei var etter Vinjes meining nasjonale forfattarer.  

Skribenter
87 027

redigeringer