Akkalasamisk

Akkalasamisk (akkalasam. ču´kksuâlis), òg kalla babinsk-samisk, er eit samisk språk som har vorte snakka ved innsjøen Imandra lengst sørvest på Kolahalvøya i Russland. Språket hørte med til dei austsamiske språka og låg språklig sett mellom kildinsamisk (som det tidligare gjerne vart sett på som ein dialekt av) og sin nærmaste slektning i nordvest, skoltesamisk. Akkalasamisk blir rekna som utdøydd, og den siste som hadde akkalasamisk som morsmål døydde i 2003 — men det finst framleis nokre få personar som kan språket i varierande grad så vel som éin aktiv språkbrukar. Det finst ikkje noko normert skriftspråk for akkalasamisk.

Grammatikk

Lydlære

Formlære

Kasus, personar og tal

Akkalasamisk har 8 kasus og skil mellom eintal og fleirtal. I likheit med nordsamisk har akkusativ og genitiv falle saman, og inessiv og elativ har falle saman til lokativ. Kasusa er:

Verb

Akkalasamisk bøyer verba i to tal og tre personar; i presens og preteritum; og i indikativ, imperativ og kondisjonalis. Eit par enkle eksempel er va͕n̄ˑće ‘å gå’ og korrɛ ‘å strikke’:

  presens preteritum presens preteritum
1. p.sg. vā͕nʒam va͕n̄ˑcim kōram korri͔m
2. p.sg. va͕nʒak vā͕nˑcik kōrak korri͔k
3. p.sg. va͕n̄ˑc vānˑʒi korr kōri͔
1. p.pl. va͕n̄ˑćepˑ vānˑʒim korrɛpˑ kōri͔m
2. p.pl. va͕nˑćepˑpˑe vānˑʒitˑ korrɛpˑpˑe kōri͔tˑ
3. p.pl. vā͕nˑʒatˑ van̄ˑciš kōratˑ korri͔š

Substantiv

Pronomen

Personlige pronomen:

Kasus Eintal Fleirtal
  1. person 2. person 3. person 1. person 2. person 3. person
Nominativ monn tonn sonn mij tij sij
Akkusativ/genitiv mii̭ji tii̭ji sii̭ji
Illativ munˑnˑa͔ tunˑnˑa͔ sunˑnˑa͔ mii̭ji tii̭ji sii̭ji
lokativ muśtˑ tuśtˑ suśtˑ miśtˑ tiśtˑ siśtˑ
Komitativ muinˑ tuinˑ suinˑ mii̭jivuim tii̭jivuim sii̭jivuim
Essiv munˑ tunˑ sunˑ
Abessiv muta tuta suta mii̭ta tii̭ta sii̭ta


Talord

Adjektiv

Adverb

Adposisjonar

Bindeord

Bibliografi

  • Зайков, П.М.: Бабинский диалект саамского языка : фонолого-морфологическое исследование. Петрозаводск : Карелия, 1987.

Kjelder