Alma Høgvoll: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Alma Høgvoll]]''' (fødd Bruheim), fødd i [[Skjåk]] 11. juli 1916, er pensjonert småbrukar og husmor. Ho har den siste tida budd på aldersinstitusjonen [[Skjåkheimen]]. Sjølve hundreårsdagen vart feira fyrst på Skjåkheimen med ordføraren til stades, deretter saman med den næraste familien heime på Høgvoll, der Alma budde frå 1938 til ho kom på Skjåkheimen. Laurdagen føreåt, den 9. juli, var det fest for 120 gjestar på ungdomshuset [[Moar]], eit festlokale i grenda som Alma har støtta aktivt opp frå fyrste stund da huset vart reist midt på 1930-talet. På festen var Alma i åtte timar. Så ho er sprek etter alderen, heilt åndsfrisk, men høyrer litt dårleg og brukar rullator.

Ho var fødd på garden Larskvea, ein mindre gard i [[Lundagrenda (Skjåk)|Lundagrenda]]. Foreldra var [[Mathias Bruheim]] (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929).  Alma var nest yngst av ein syskenflokk på seks, fødde i tidsrommet 1908-1920. Ein av brørne var lyrikaren [[Jan-Magnus Bruheim]]. Heimen var prega av kristelege og kulturelle interesser engasjert mellom anna i kyrkjelydsarbeid, i småbrukarrørsla og i ideelt arbeid på område som fråhald og frilynt ungdomsarbeid. Særleg Alma og broren Jan-Magnus vart ivrige nynorskbrukarar.  
Ho var fødd på garden Larskvea, ein mindre gard i [[Lundagrenda (Skjåk)|Lundagrenda]]. Foreldra var [[Mathias Bruheim]] (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929).  Alma var nest yngst av ein syskenflokk på seks, fødde i tidsrommet 1908-1920. Ein av brørne var lyrikaren [[Jan-Magnus Bruheim]]. Heimen var prega av kristelege og kulturelle interesser, engasjert mellom anna i kyrkjelydsarbeid, i småbrukarrørsla og i ideelt arbeid på område som fråhald og frilynt ungdomsarbeid. Særleg Alma og broren Jan-Magnus vart ivrige nynorskbrukarar.  

Alma Bruheim gifta seg med Peder G. Lund (1912-?) i 1935. Han dreiv da som anleggssnikkar. Dei to rydda og bygde seg bureisingsbruket Høgvoll frå 1938, på grunn utskilt frå familiegarden Larskvea. Dei tok familienamn etter den nye bustaden sin. Alma og Peder fekk ni born, men tre av dei døydde som spebarn.  

Frå 1948 til 1966 dreiv Peder maskinstasjon i bygda, dvs. han kjøpte traktor og reiskap og tok på seg onnearbeid for gardbrukarane på ei nærare bestemt strekning i bygda etter avtale. Alma fortel levande om denne tida i eit stykke i det lokalhistoriske årsskriftet [[Kvelds-seto]] frå 2004.
Frå 1948 til 1966 dreiv Peder maskinstasjon i bygda, dvs. han kjøpte traktor og reiskap og tok på seg onnearbeid for gardbrukarane på ei nærare bestemt strekning i bygda etter avtale. Alma fortel levande om denne tida i eit stykke i det lokalhistoriske årsskriftet [[Kvelds-seto]] frå 2004. Ho er interessert i lokalhistorie, og har gjeve opplysningar til bruk i bygdeboka for Skjåk.  

== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok, bd. 4, Historia 1914-1945.'' Skjåk kommune 2016.
*Høgvoll, Alma: «Frå hest til traktor - da fyrste Gråtassen kom til Skjåk», i ''Kvelds-seto. Gåmålt frå Skjåk.'' Utg. [[Skjåk historielag|Skjåk Historielag]] 2004.
*Høgvoll, Alma: «Frå hest til traktor - da fyrste Gråtassen kom til Skjåk», i ''Kvelds-seto. Gåmålt frå Skjåk.'' Utg. [[Skjåk historielag|Skjåk Historielag]] 2004.
*Reportasje frå 100-årsfeiringa i ''[[Fjuken]]'' 9. juli 2016.
*Reportasje frå 100-årsfeiringa i ''[[Fjuken]]'' 9. juli 2016.
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer