Amtsskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2010 kl. 13:58 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Amtsskole, frå 1919 kalla fylkesskole, var eit skoleslag som vart oppretta ved stortingsvedtak i 1875. Det var eit tilbod om allmennopplæring for ungdom og bygde på grunnskolen (allmugeskole/folkeskole). Skolane fekk stønad frå stat og amt(fylke), og stod under tilsyn av fylkesskolestyra. Amtsskolane var meint som ei motvekt mot dei grundtvigianske og venstreinfluerte folkehøgskolane. Det galdt både pedagogisk og ideologisk. Amtsskolane la større vekt på kunnskapstileigning, eksamen og karakterar. Dei var frå byrjinga av prega av politisk og religiøs konservatisme.

Planane for amtsskolen vart utforma i 1874 av skoledirektøren i Nidaros, den seinare markante høgrepolitikaren Jacob Aall Bonnevie. I Kirkedepartementet var ekspedisjonssjef Nils Hertzberg pådrivar.

Amtsskolane vart ein stor suksess med stor søkjing frå bygdeungdomen. Allereie i 1876 var det 33 skolar i gang.

Skilnadene mellom amtsskolane og folkehøgskolane vart etter kvart mindre. Det kom seg ikkje minst av at mange tidlegare folkehøgskolelærarar fekk tilsetjing i amtsskolane, etter som mange folkehøgskolar vart nedlagde i 1880- og 1890-åra. Også dei kristelege ungdomsskolane utgjorde frå 1890-åra av eit alternativ for den same ungdomen på det same utdanningsnivået. Ved lov av 23. juli 1949 om folkehøgskolar vart stønadsordningane og føresegnene elles for fylkesskolane, dei frilynde folkehøgskolane og dei kristelege og andre private ungdomsskolane samordna.


Kjelder

  • Norsk allkunnebok (1952) oppslag "fylkesskule".
  • «folkehøyskole» i Store norske leksikon
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.

Vidare lesing

  • Nygård, Kristian (red.): Frå amtsskole til folkehøgskole : 75-årsskrift for fylkesskolen i Noreg. Norges fylkesskolelærarlag 1951.