Anders Hovden og Toten: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 173: Linje 173:
Etter turen til Nidaros starta husjakta att. Det var eit hus på Nordstrand som Staten skulle selja. Kari ville kjøpe, Anders var i tvil. Den 12. august skriv han i dagboka: ”Kanskje me slær oss til paa Toten? Men det hev me mindre hug til”. Etter enda meir frå og til vart det huskjøp, og sparepengane rakk til. Den 22. oktober 1930 overtok han eigedomen Granhøi og døypte den om til Villa Huglo. Kari var fødd Huglen, far hennar kom frå øya Huglo i Sunnhordland.

== Avskil med Toten =
== Avskil med Toten ==
Den 3. desember 1930 sende han avskilssøknad. ”Det er reint rart. Ein daarleg prest hev eg vore. Men eg trur, vil gjerne tru paa Gud og Frelsaren”. Den 12. desember høyrde han i radioen at regjeringa hadde innvilga avskilssøknaden. ”Det skal verta gildt å verta fri, fri!” utbryt han i dagboka. Dagen etter hadde ungdomslaget Totningen ”Hovdenkveld”. ”Gjev eg slapp aa vera tilstae!” skriv han i dagboka. ”Eg skjemmast. Her paa Toten hev eg kje fenge tak i ungdomen”. Og så skulle dei ”spela dette fillestykket mitt Elskhug og giftarmaal”. Men, da han hadde vori på kvelden, var alt berre solskin att:  

Linje 198: Linje 198:
   
Professor og kringkastingssjef Olav Midttun samanlikna Anders Hovden med Petter Dass: ”Det stod mest som eit stormver kring han, det laga seg segner og legender om han, hans tale og åtferd.”  Her følgjer nokre prøver på det som blir fortalt om Anders Hovden på Toten, nesten 100 år etter at han var prest her.
Professor og kringkastingssjef Olav Midttun samanlikna Anders Hovden med Petter Dass: ”Det stod mest som eit stormver kring han, det laga seg segner og legender om han, hans tale og åtferd.”   
 
A Marja Hellna var mæ’ mor sinne åt kjørkjen. Hu var bærre 5 år gammal. - Nå lyt du sitta stille, for nå ska’ presten be Fadervår, sa mor hennes. Hovden bad på landsmål. Da såg småjinta opp på mor si, og så kom det, høgt, så ælle hørde det: - Dætta er itte Fadervår dætta ’ma, mor!
 
Ein synndag dreiv ’n La’ars på mæ’ høykjøringen da Hovden kom kjøren’ forbi. ’N La’ars hadde litt då’lig samvittigheit fordæ’n itte hadde tenkt seg åt kjørkjen, men dreiv på mæ’ tørrhøyi. Derfor gjømte’n seg bak ein høystakk. Men Hovden hadde sett ’n. Hænn stænse, og så rofte’n: - Du Lars, du hev vel ikkje ein skrå til meg?
 
Anders Hovden var godt likt i stuguom, fortalde Hans Bekkelund. Han gjekk nok i lag på storgardom, men han gjekk og til ”småfolket” og var saman med dei.
 
Konfirmænta var samle i Hoffkjørkjen. Hovden gikk i midtganga, stor og myndig og med buskete auebryn. Da fækk ’n sjå at ein liten gutt frå oppi Lensbygden hadde med seg ein tællkniv. - Går du med kniv i Guds hus, sa Hovden, litt brysk. Gutten vart nok både skamfull og redd, og stakk ti å gråte. - Nei, nei, sa Hovden, - du må ikkje ta slik på veg. Og så drog ’n opp præst’kjo’ol og tedde fram den store tællkniven som ’n støtt hadde hengen’ i bælti.
 
Det var medan Hans Bekkelund gjekk og las. Hovden spurde han kva han heitte. - Hans Olsen Bekkelund, svara guten. - Kva gjer far din?  spurde presten. - Hænn har nå i lite småbruk. - Kva betyr det? - Hænn har nå lite jord, da. - Lite jord, sa Hovden, - for noko tull. Jordi er djup ho!
 
Anders Hovden og hans gode ven distriktslege Schjønsby hadde vori i eit lystig lag. På veg heimattover i sommarnatta drøfta dei, som så ofte elles, eksistensielle spørsmål om tru og tvil. Brått vart vegen i smalaste laget for presten, så han hamna nedi grøfta. Da kom det frå Hovden, nede i grøfta: - Eg trur eg hev mist trui!
 
På Hovsvangen skole var det avrøysting om radikale eller moderate former i bokmålet. Dei som gjekk inn for moderate former skulle samle seg i den eine enden av rommet, dei som ville ha dei radikale formene i den andre. Den radikale flokken talde fire personar: Hovden, ho Kari, frøken Kjølseth og adjunkt Toresen. Alle dei andre var samla i den andre enden. Da kom det frå Hovden: - Hvor salig er den lille flokk.
 
Hovden var i konfirmasjonslag. Utpå kvelden ville jentene i huset danse. Mora var i tvil om det paste seg og spurde presten. Svaret frå Hovden var klart og greitt: - Syndi sit vel ikkje i føtene, fru Holm.
 
Ein vinterdag opna Hovden preika si i Hoffskyrkja slik: - Då eg stod opp i dag såg eg det steig røyk or alle pipene i bygdi. Då tenkte eg med meg sjølv – no kokar dei mykje god mat på Toten.
 
== Totensongen ==
av Anders Hovden
 
Sjå desse bygder bjarte
ved Mjøsens fagre strand.
Ja, det er Noregs hjarte
og kjernen av vårt land.
På milevide vollar
i djup og villig jord
den gode grøda follar
og raust og rikt det gror.
 
Og gilde heimar glansar
av velstand og av trygd
imellom granskog-kransar
i denne breide bygd.
På gode vegar pilar
og køyrer folk so fort –
på hestar og på bilar
her er det ingen skort.
Her er det djerve bønder –
og sonen etter far
han sit på gamall odel
og dugleg driv sin gard.
Og folk dei er so snilde
og kvikke, kvar ein fer,
og dei er gjestemilde
på gamall fedra-gjerd.
 
Her er det solrik sumar
med varme over vang
og lugomt vinterføre
med lystig bjølleklang.
Og sola når um heia
den stutte vinterdag
og strålar langsmed Skreia
med slikt eit venlegt lag.
Her kjenner me oss heime,
og her me trivst og gror
og vilde ikkje byta
i nokon stad på jord!
I desse bygder bjarte
ved Mjøsens fagre strand,
ja, det er Noregs hjarte
og kjernen av vårt land.
 
== Litteratur ==
== Litteratur ==
Linje 288: Linje 219:

[[Kategori:Østre Toten kommune]]
[[Kategori:Østre Toten kommune]]
[[Kategori:Prester]]
[[Kategori:1920-åra]]
Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer