Anders Hovden og Toten: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 50: Linje 50:
Korleis gjekk det så med denne beitframme merkesmannen i møtet med den austlandske flatbygda? Vi veit ein del om det. For det fyrste har Anders Hovden fortalt om totentida si i sjølvbiografien, ''Attersyn''. Den skreiv han på prestegarden på Toten vinteren 1925-26, etter at han hadde vorti ferdig med ''Nynorsk Salmebok''. I 1943 skreiv han eit tillegg til denne sjølvbiografien. For det andre har sonen hans, Øystein Hovden, gitt ut to bøker om far sin, der han fortel om totentida. Og i 2002 kom det ut ein hovdenbiografi der det sjølvsagt òg er fortalt om Hovden og Toten. Ser vi på desse trykte kjeldene, finn vi eit rett idyllisk bilde av ein prest som vart glad i bygda og folket der, og ei bygd som vart glad i presten sin.  

”Eg kjenner meg meir og meir heime her, og trivst. Det er eit friskt og gladværugt folkeferd. Dei er gjævlyndte og gjestmilde og kjem gjerne saman. Og det er eit storslege folk utan knusel”, skriv Hovden i sjølvbiografien.  
«Eg kjenner meg meir og meir heime her, og trivst. Det er eit friskt og gladværugt folkeferd. Dei er gjævlyndte og gjestmilde og kjem gjerne saman. Og det er eit storslege folk utan knusel», skriv Hovden i sjølvbiografien.  

”Åpen og beintfram og ærleg som han sjølv var – slik møtte òg Totenfolket nypresten sin. Difor fann dei kvarandre og forstod dei kvarandre snart, ja, kanskje alt frå første dag og første messa i gamle Hoff kyrkja. Det var slett ikkje alle, korkje nypresten sjølv eller totningane flest som hadde venta det slik. Snarare tvert imot”, seier Øystein Hovden.  Det gjekk like eins på Toten som på Lista og i Melhus”, skriv hovdenbiografen Jens Kåre Engeset, ”Anders Hovden kom og vann! Mange totningar, jamvel ”brevunderskrivarar”, lika den nye presten sin. Dei kom og bad om orsaking for aksjonen. Men Hovden sa at det var det ingen grunn til. Tvert imot fortente dei takk fordi dei hevda sitt syn og ville at bygda skulle få ein god prest”.  
«Åpen og beintfram og ærleg som han sjølv var – slik møtte òg Totenfolket nypresten sin. Difor fann dei kvarandre og forstod dei kvarandre snart, ja, kanskje alt frå første dag og første messa i gamle Hoff kyrkja. Det var slett ikkje alle, korkje nypresten sjølv eller totningane flest som hadde venta det slik. Snarare tvert imot», seier Øystein Hovden.  «Det gjekk like eins på Toten som på Lista og i Melhus», skriv hovdenbiografen Jens Kåre Engeset, Anders Hovden kom og vann! Mange totningar, jamvel «brevunderskrivarar», lika den nye presten sin. Dei kom og bad om orsaking for aksjonen. Men Hovden sa at det var det ingen grunn til. Tvert imot fortente dei takk fordi dei hevda sitt syn og ville at bygda skulle få ein god prest.  

Men var det så gjennomført idyllisk? Sjølvbiografien, bøkene sonen har skrivi og biografien framstiller Hovden som ein rettfram kar, noko han òg var. Dei stiller ikkje kritiske spørsmål til personen Hovden. Det skal vi ikkje vente av ein sjølvbiografi og minnebøker førte i pennen av sonen. Men biografien som vart utgitt nesten 60 år etter at Hovden døydde, burde ha fått med eit meir nyansert bilde. For bildet er sjølvsagt meir samansett. Hovden var eit vanleg menneske, som vi andre. Han var ingen supermann. Han hadde sine gode sider og sine mindre gode sider, som alle andre menneske.

Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer