Anders Hovden og Toten: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 59: Linje 59:

== Hovden og storbøndene ==
== Hovden og storbøndene ==
Vi startar med å sjå på forhaldet til ei samfunnsklasse på Toten som Hovden hadde mykje omgang med, dei han gjennomført kaller storbøndene. [Han lika] å koma saman med folk, bli kjend med deim og – sålangt tid og krefter rokk – gjerne vera saman med deim i lyd og lag – ved samver, snart i sorg og snart i glede”, seier Øystein Hovden.  I dagbøkene fortel Hovden om store lag han har vori i. Han legg detaljert ut om maten, drikkevarene som vart servert, pjoltringa og dansinga. Han er i dåpslag, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, på den eine garden etter den andre. Det fyrste laget han skriv om er eit 70-årslag på [[Hammastad (Vestbygda)|Hammastad]] i [[Vestbygda (Østre Toten)|Vestbygda]] 3. februar 1924:  
Vi startar med å sjå på forhaldet til ei samfunnsklasse på Toten som Hovden hadde mykje omgang med, dei han gjennomført kaller storbøndene. «[Han lika] å koma saman med folk, bli kjend med deim og – sålangt tid og krefter rokk – gjerne vera saman med deim i lyd og lag – ved samver, snart i sorg og snart i glede», seier Øystein Hovden.  I dagbøkene fortel Hovden om store lag han har vori i. Han legg detaljert ut om maten, drikkevarene som vart servert, pjoltringa og dansinga. Han er i dåpslag, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, på den eine garden etter den andre. Det fyrste laget han skriv om er eit 70-årslag på [[Hammastad (Vestbygda)|Hammastad]] i [[Vestbygda (Østre Toten)|Vestbygda]] 3. februar 1924:  

3. februar preika i [[Nordlia kirke|Nordlia]]. Straalande solskin og fint føre. Køyrde attende over Djupdal og til Kvikstad på Hamarstad, der eg heimedøypte barnet hans. Det var 70 aars fødedagen hans. Stort gilde med burtimot 100 menneskje. Raaflott i lagi her, soleis i går: Fiskepudding, svine-, kalve- og dyresteik, forloren skilpadde, pølser o.s.b. Kaffi med kyrasaa og ei mengd av allslags kaker. Dessert med frukt og krem og pudding og alle sausar og portvin og cherry i store glas. Deretter pjolter, konjak og visky i lange banor. – Eit slikt lag gjer ein kje stort under kr 1000.

Linje 65: Linje 65:
Meir skreiv han ikkje om 70-årslaget på Hammastad.
Meir skreiv han ikkje om 70-årslaget på Hammastad.

Den 20. juni same året var han i kombinert storbryllaup og sølvbryllaup med 260 gjestar. ”Folk heldt mykje til ute, dei drakk og dansa som utslepte øykjer, kneggja og storlog. Folket her kann gama seg paa gamal vis. Eg gjekk kl 12 natt, Kari var til kl 3 natt. (…) Men eg likar meg kje i store lag lenger. Aa du for vrøvlute skåltalar, eg gjekk i brodden”. Og slik held det fram. Han går i store lag, et og drikk og ser ut som han koser seg, og kjem heimatt og skriv i dagboka: ”Eg trivst ikkje i slike lag. Kor dumt og dyrt ein liver!og ”Eg ligg her i Gosen og sym i ”matfeitt” i lag hjaa storbønder – og lengtar ut mot det djerve livet ute ved fjord og hav!Etter likferder blir presten ”plaga med heim til middag”.
Den 20. juni same året var han i kombinert storbryllaup og sølvbryllaup med 260 gjestar. «Folk heldt mykje til ute, dei drakk og dansa som utslepte øykjer, kneggja og storlog. Folket her kann gama seg paa gamal vis. Eg gjekk kl 12 natt, Kari var til kl 3 natt. (…) Men eg likar meg kje i store lag lenger. Aa du for vrøvlute skåltalar, eg gjekk i brodden.» Og slik held det fram. Han går i store lag, et og drikk og ser ut som han koser seg, og kjem heimatt og skriv i dagboka: «Eg trivst ikkje i slike lag. Kor dumt og dyrt ein liver!» og «Eg ligg her i Gosen og sym i ”matfeitt” i lag hjaa storbønder – og lengtar ut mot det djerve livet ute ved fjord og hav!» Etter likferder blir presten «plaga med heim til middag».

Skal vi tru på dagboknotatane åt presten, var det «storbøndene» han gjekk i lag hos som hadde skulda for det meste av det som var skakt i samfunnet. Kva med dei totningane som ikkje var storbønder? Ingen tør mukke mot storbøndene, det er dei som rår, skriv Hovden i dagboka. Etter eit skolestyremøte i 1928, der det vart vedteki å ta bort sideformene i bokmålet i folkeskolen, kjem denne erklæringa: «Lærarane er rædde og torer kje hevda seg mot storbønderne. (…) Eg las deim teksti, men det hadde ingen verknad». Nokre dagar seinare skriv han: «Storbønderne hev kanskje imot meg no, etter at eg i skulestyremøtet sist uppmoda lærarane aa ikkje gaa krøkja seg for storbønderne, men vera seg sjølve og hævda seg. [[Ole Aass|Ordførar Aas]] tok til motmæle mot desse ordi mine.»

Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer