Anders Hovden og Toten: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 74: Linje 74:
Østre Toten var eit arbeidsamt soknekall. Det var mange folk å vera sjelesørgjar for og lange reiser med hest, til annekskyrkjene og i soknebod. Hovden brukte hest, heile si totentid. Historia om sølvbryllaupsgåva som totningane gav til Anders og Kari Hovden 5. mars 1922, to år etter dei kom åt bygda, er velkjend. Eg tek henne likevel med, slik Øystein Hovden skreiv henne ned i 1970:
Østre Toten var eit arbeidsamt soknekall. Det var mange folk å vera sjelesørgjar for og lange reiser med hest, til annekskyrkjene og i soknebod. Hovden brukte hest, heile si totentid. Historia om sølvbryllaupsgåva som totningane gav til Anders og Kari Hovden 5. mars 1922, to år etter dei kom åt bygda, er velkjend. Eg tek henne likevel med, slik Øystein Hovden skreiv henne ned i 1970:


Kor storslegne, rauste og romslege totningane var mot presten sin, fekk Anders Hovden røyne på mange måtar. Kjent er historia: Då Anders Hovden hadde vore eit par år i bygda, heldt han og ho Kari sølvbryllaup. Det var svært til greier. Folk i mengd frå alle kantar invaderte prestegarden. Sølvbryllaupsgåva går det enda gjetord om! I dei myrke nattetimane før dagen 5. mars hadde nokre totningar stilt og lumskt som tjuvar i natta fått smugla gåva inn på prestegarden i uthus, stall og vognbu. Kva det var? Bil? Nei, seinare vart det opplyst at totningane verkeleg hadde planlagt å gi presten ein bil, men dei hadde kome etter at Anders Hovden visstnok ikkje var serleg lysten på slikt! Og så vart det altså i staden dette: Hest, trille, breislede, karjol, hestesele, hestedekke m.m. Eg var heime på dagen. Eg hugsar litt av talen då gåva vart overlevert: ”Kjære prestefolk! Vi ønskjer til lykke med dagen! Men det vil vi ha sagt med det same, det er slett ikkje fordi du Hovden er målmann at vi gir dekk denne gåva i dag, men fordi du er ein bra kar osb”. Maken skulle du aldri ha sett! Det var som eit eventyr altihop! Kor ufatteleg, ikkje minst for Anders Hovden sjølv, å møta denne hjartevarme og denne forståing frå heile bygda! Alle desse vakre køyredoningane og ikkje minst den gilde hesten – jau, det var det gildaste Anders Hovden kunne få! Denne gåva vart òg flittig brukt på Toten gjennom alle år, på alleslags køyreturar, vinter og sommar, på kryss og tvers gjennom bygda.   
«Kor storslegne, rauste og romslege totningane var mot presten sin, fekk Anders Hovden røyne på mange måtar. Kjent er historia: Då Anders Hovden hadde vore eit par år i bygda, heldt han og ho Kari sølvbryllaup. Det var svært til greier. Folk i mengd frå alle kantar invaderte prestegarden. Sølvbryllaupsgåva går det enda gjetord om! I dei myrke nattetimane før dagen 5. mars hadde nokre totningar stilt og lumskt som tjuvar i natta fått smugla gåva inn på prestegarden i uthus, stall og vognbu. Kva det var? Bil? Nei, seinare vart det opplyst at totningane verkeleg hadde planlagt å gi presten ein bil, men dei hadde kome etter at Anders Hovden visstnok ikkje var serleg lysten på slikt! Og så vart det altså i staden dette: Hest, trille, breislede, karjol, hestesele, hestedekke m.m. Eg var heime på dagen. Eg hugsar litt av talen då gåva vart overlevert: ”Kjære prestefolk! Vi ønskjer til lykke med dagen! Men det vil vi ha sagt med det same, det er slett ikkje fordi du Hovden er målmann at vi gir dekk denne gåva i dag, men fordi du er ein bra kar osb”. Maken skulle du aldri ha sett! Det var som eit eventyr altihop! Kor ufatteleg, ikkje minst for Anders Hovden sjølv, å møta denne hjartevarme og denne forståing frå heile bygda! Alle desse vakre køyredoningane og ikkje minst den gilde hesten – jau, det var det gildaste Anders Hovden kunne få! Denne gåva vart òg flittig brukt på Toten gjennom alle år, på alleslags køyreturar, vinter og sommar, på kryss og tvers gjennom bygda.»  


I dagboka si fortel Hovden om turar med hest og slede om vinteren, med hest og trille om sommaren og når sledeføret ikkje heldt. Det kunne vera stabasiøst å ta seg fram til messe i Nordlia ein tidleg sundagsmorgon med stridt snødrev frå nord så ein nesten ikkje såg, eller med hest og trille til Totenvika 2. dag jul, når det korkje var skikkeleg sommar- eller vinterføre, eller i stummande mørke natterstid – heim frå eit hyggeleg, eller mindre hyggeleg, lag. Etter kvart vart det fleire bilar på vegane. Det vart vanskelegare å kjøre med hest. Bilane var nærgåande, hesten vart redd. Om sommaren støva det av bilane og om vinteren vart det djupe bilspor så det var farleg å kjøre med slede. Han fortel om ein gong utpå vårparten i 1928 han og ho Kari var riktig ille ute:
I dagboka si fortel Hovden om turar med hest og slede om vinteren, med hest og trille om sommaren og når sledeføret ikkje heldt. Det kunne vera stabasiøst å ta seg fram til messe i [[Nordlia]] ein tidleg sundagsmorgon med stridt snødrev frå nord så ein nesten ikkje såg, eller med hest og trille til Totenvika 2. dag jul, når det korkje var skikkeleg sommar- eller vinterføre, eller i stummande mørke natterstid – heim frå eit hyggeleg, eller mindre hyggeleg, lag. Etter kvart vart det fleire bilar på vegane. Det vart vanskelegare å kjøre med hest. Bilane var nærgåande, hesten vart redd. Om sommaren støva det av bilane og om vinteren vart det djupe bilspor så det var farleg å kjøre med slede. Han fortel om ein gong utpå vårparten i 1928 han og ho Kari var riktig ille ute:


I går kveld i gjestebod hjaa Taasen i lag med doktor Schjønsby og frue og frøken Sikveland. Sers hyggjelege folk. Me køyrde heimatt ved midnattstider. Det var litt maane, men yverskya og graatt, so me saag ingenting, og merri braadde paa heimferdi. Og vegarne hadde djupe hjulspor etter bilarne. I svingen ved Lillo hallar vegen sterkt, der velta me. Kari sat bak og eg datt or sleden. Heldt taumarne fast der eg laag. Eine skaaki var komen yver hesteryggen, og hesten slo seg reint vill. Han drog meg etter taumarne eit stykke, og drog taumarne or hendene mine. Kari skreik og ropte. Eg laag tagall og fortumla – i rædsla for at ho ikkje var komi laus, men fylgde med. Eg sprang etter i myrkret og ropte, vonte hesten hadde stogga. Men so fekk eg hald i, at ho kom gangande baketter. Hesten saag me kje noko til. Kari fekk doktor Schjønsby til å bila oss heim, han fylgde og saag etter hesten, som ingenstad var aa finna. Paktaren gjekk paa leiting. Ved 2-tidi um natti kom hesten av seg sjølv. Han hadde fare rundt paa Vangen, taumarne drog han under meidarne. Merkeleg nok so hadde korkje hest eller den fine breidsleden fenge skade. Og det er merkjelegt, at me tvo kom vel fraa det. Det saag stygt ut. Mest for Kari som med vanske fekk beina lause. Eg hev velta av og til før, men hestarne hev stogga og stae rolege. Dette var ein ny og ukjend hest. Vegarne er faarlege i vaarløysingi og ikkje til aa køyra i myrkret.
«I går kveld i gjestebod hjaa Taasen i lag med doktor Schjønsby og frue og frøken Sikveland. Sers hyggjelege folk. Me køyrde heimatt ved midnattstider. Det var litt maane, men yverskya og graatt, so me saag ingenting, og merri braadde paa heimferdi. Og vegarne hadde djupe hjulspor etter bilarne. I svingen ved Lillo hallar vegen sterkt, der velta me. Kari sat bak og eg datt or sleden. Heldt taumarne fast der eg laag. Eine skaaki var komen yver hesteryggen, og hesten slo seg reint vill. Han drog meg etter taumarne eit stykke, og drog taumarne or hendene mine. Kari skreik og ropte. Eg laag tagall og fortumla – i rædsla for at ho ikkje var komi laus, men fylgde med. Eg sprang etter i myrkret og ropte, vonte hesten hadde stogga. Men so fekk eg hald i, at ho kom gangande baketter. Hesten saag me kje noko til. Kari fekk doktor Schjønsby til å bila oss heim, han fylgde og saag etter hesten, som ingenstad var aa finna. Paktaren gjekk paa leiting. Ved 2-tidi um natti kom hesten av seg sjølv. Han hadde fare rundt paa Vangen, taumarne drog han under meidarne. Merkeleg nok so hadde korkje hest eller den fine breidsleden fenge skade. Og det er merkjelegt, at me tvo kom vel fraa det. Det saag stygt ut. Mest for Kari som med vanske fekk beina lause. Eg hev velta av og til før, men hestarne hev stogga og stae rolege. Dette var ein ny og ukjend hest. Vegarne er faarlege i vaarløysingi og ikkje til aa køyra i myrkret.»


Anders Hovden var ein praktisk kar. Han visste at det var om å gjera å nytte godversdagane om våren for å få korn og poteter i jorda, og at grøda laut inn til rett tid om hausten. Etterjulsvinteren 1924 hadde vori særskilt hard og våren var sein. Sundag 1. juni, da han drog åt Nordlikapellet, var det mange som dreiv med våronn. Presten syntest det var heilt på sin plass. I dagboka si noterte han dette: ”Eg preika i Nordlikapellet. Surt ver, regn på ettermiddagen. Mange stader arbeidde dei. Ja, det er sanne nødvendighetsgjerningar no aa faa grøda i jordi. Berre dei ikkje gjekk med vondt samvit og trudde dei synda med det. ”Sabaten er daa til for mennska si skuld – ””.
Anders Hovden var ein praktisk kar. Han visste at det var om å gjera å nytte godversdagane om våren for å få korn og poteter i jorda, og at grøda laut inn til rett tid om hausten. Etterjulsvinteren 1924 hadde vori særskilt hard og våren var sein. Sundag 1. juni, da han drog åt [[Nordlia kirke|Nordlikapellet]], var det mange som dreiv med våronn. Presten syntest det var heilt på sin plass. I dagboka si noterte han dette: «Eg preika i Nordlikapellet. Surt ver, regn på ettermiddagen. Mange stader arbeidde dei. Ja, det er sanne nødvendighetsgjerningar no aa faa grøda i jordi. Berre dei ikkje gjekk med vondt samvit og trudde dei synda med det. ”Sabaten er daa til for mennska si skuld – .
»


== Tidend og landskyld ==
== Tidend og landskyld ==
Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer