Anders Hovden og Toten: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Tidend og landskyld: rettar namn på paktaren
(→‎Tidend og landskyld: rettar namn på paktaren)
Linje 88: Linje 88:

== Tidend og landskyld ==
== Tidend og landskyld ==
{{thumb|Jens P. Hveem.jpg|Jens P. Hveem forpakta prestegarden dei fyrste åra Hovden var på Toten. Da Jens kjøpte eigen gard i 1923 og flytta frå prestegarden, vart det eit stort sakn for Hovden. I dagboka blir Jens omtala som «min gode ven».}}
{{thumb|Johan P. Hveem.jpg|Johan P. Hveem forpakta prestegarden dei fyrste åra Hovden var på Toten. Da Johan kjøpte eigen gard i 1923 og flytta frå prestegarden, vart det eit stort sakn for Hovden. I dagboka blir Johan omtala som «min gode ven».}}
Inntekta åt presten var eit kapittel for seg. Hovden skriv mykje om inntekta si – og om utgiftene. Han synest heile tida at det kjem for lite inn og går for mykje ut. Presten hadde tre hovudinntektskjelder. For det fyrste hadde han ei fast statsløn. For det andre hadde han inntekta av prestegarden. Hovden forpakta bort garden og forpaktaren betalte forpaktingsavgift til presten. Så var det òg att restar av det eldgamle skattesystemet frå 1100-talet. Tienda hadde vorti gjort om til ei fast avgift i 1801. I 1918 vart kyrkjedelen og kongedelen av tienda tekne bort, men prestetidenda stod ved lag heilt til 1939. Prestetidenda var ei avgift som var lagt på kvar gard. Det var berre gardbrukarane som betalde tidend.  Likeeins var det med restane av ei anna avgift som kvilte på somme gardar, landskylda.  Lensmannen skulle krevja inn både tidend og landskyld frå gardbrukarane og betale vidare til presten. I kall der inntektene av prestegard og tidend var store, vart presten pålagd å betale ein del vidare til eit geistleg lønsfond. Presten på Østre Toten vart òg trekt ei årleg avgift som skulle gå til vedlikehald av husa på prestegarden. Han laut sjølv koste skjema til attestar, alt kontorhald, reise og vikarutgifter. Hovden avreagerte ved å skrive i dagboka når han tapte pengar på at forpaktaren gjekk konkurs og lensmannen ikkje fekk inn all tidenda og landskylda.

Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer