Anders Reitan (1826–1872)

Anders Jørgensen Reitan (fødd på Reitan i Ålen 26. juli 1826, død i Oslo 30. august 1872) var skulelærar og folkeopplysningsmann, diktar og stortingsrepresentant. Han var sterkt påverka av grundtvigianismen. Som diktar blir han hugsa for songane «Maalet hennar mor» og «Bondestanden er mig kjær», som i ettertid vart mykje brukt i folkeskulen, og i norskdoms- og bonderørsla

Foreldra var gardbrukarparet Jørgen Pedersen Reitan og Kari Jonsdotter Kurås. Faren var stiger ved Ålens koparverk. Han kom frå Rugelsjøen og kjøpte ein av Reitangardane i Ålen. Anders var den yngste av seks born. Foreldra var «sers vyrde folk, evnerike og dugande» skriv O.T.Hagen om dei i bygdeboka for Kvikne. Dei var båe musikalske, faren spela fele, og mora var glad i å syngje.

Anders Reitan var gift med Margrete Taraldsdotter Gjære (1828–1918), også ho frå Ålen. Ho var dotter til gardbrukarparet Tarald Jonsen Gjære og Berit Nord-Aune. Dei fekk ni born. To av dei døde som små.

Hausten 1846 byrja Anders Reitan ved Klæbu seminar, og tok lærareksamen i 1848. Klæbu seminar hadde eit sterkt grundtvigiansk miljø i lærarkollegiet. Særleg innverknad fekk religionslæraraen Fredrik Wexelsen på Reitan i så måte. Lærargjerninga tok til med eit engasjement som huslærar i Tolga. Deretter var han i sju år omgangsskulelærar i Horg i nåverande Melhus kommune. Frå 1853 var han lærar og kyrkjesongar i Kvikne i nåverande Tynset kommune. Der vart han verande livet ut.

Reitan dreiv eit utstrekt folkeopplysnings- og kulturarbeid utanom lærarstillinga. Allereie i Horg heldt han sundagsskule og ein eigen skule for vaksen ungdom. Han heldt fram med privatskule i ferietida etter at han tok til i Kvikne. Han var sterkt oppteken av song og musikk. Sjølv spela han fele, og han dreiv med innsamling av folkemusikk, som seinare av Anders Haugen. Reitan ivra dessutan for idrett, målsak og fråhaldssak. I 1866 gav han ut diktsamlinga «Fjeld-Ljom». Han skreiv også salmar og gav ut songbøker til bruk for fråhaldslag og for ungdomen.

I 1871 vart han vald til Stortinget, der han var medlem av konstitusjonskomiteen. Han vart permittert frå Stortinget i april 1872, og døydde altså kort tid etterpå.