Andreas Wiel Nygaard

Sideversjon per 2. jan. 2013 kl. 14:45 av Kallrustad (samtale | bidrag) (korrektur)

Andreas Melchior Wiel Nygaard (født 28. mai 1903 død 1982 ) var ein arkitekt som virka i Oslo i tidsrommet 1930-1952 og etter 1961. I ein periode etter 1955 var han direktør for Aschehoug forlag.

Han var utdanna ved NTH i 1926, og etablerte eige kontor i Oslo i 1930 etter nokre år hos arkitektane Bjercke og Eliassen. I 1933-1938 var Nygaard redaktør av Byggekunst, tidsskrift for Norske Arkitekters Landsforbund. I åra 1940-47 hadde han kontor saman med Torstein Schyberg.

Blant hans arbeid i Bodø kan særleg nemnast ombygginga av Rønvik sjukehus 1941-42 og 1945-46, forretningsgard i Sjøgata 19 for Julius Jakhelln AS frå 1949 og Sundems bokhandel frå 1947.

Han har også tegna fleire kjerker: Øvre Saltdal kjerke 1938, Digermulen kyrkje, Vågan 1951 og Røssvoll kjerke, Rana 1953 (dei to siste saman med Torstein Schyberg).

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.