Avaldsnes: Forskjell mellom sideversjoner

m (kategorisplitting)
 
(9 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 7: Linje 7:
==Flagghaugen og Jomfru Marias synål==
==Flagghaugen og Jomfru Marias synål==
Like nordaust for Olavskyrkja på Avaldsnes, på terrassekanten ut mot Karmsundet, kan ein framleis sjå restane av gravhaugen som vert kalla Flagghaugen. Det var sokneprest [[Johan Lyder Brun]] som starta å grava ut haugen midt i 1830-åra, fordi han måtte skaffa jord til fyllmasse på kyrkjegarden. Brun kom dermed til å finna den mest gullrike grava frå romartid som til no er kjent i Skandinavia. Ein mann med eit praktfullt tveeggja sverd, lanse, spyd og skjold var blitt gravlagt i haugen ein gong mot slutten av [[200-talet]] etter Kristus. Ein massiv gullarmring i grava vog nesten 600 gram. Elles var her mellom anna ein fingerring av gull, ei gullnål, ymse gullfragment, 31 spelebrikker av [[glas]], ein bronsespegel (den eldste [[spegel]]en ein kjenner i Noreg), ei [[skålvekt]] av [[bronse]], fleire vasar og fat av bronse, eit drikkebeger av bronse med sølvdekor, sølvbeslag til drikkehorn og ein sil av bronse.

{{thumb|Bautanal.jpg|Jomfru Marias synål.|Kenneth Kiplesund|2021}}
Attmed kyrkjeveggen, ikkje langt frå Flagghaugen, står bautasteinen kalla Jomfru Marias synål. Han er 7,2 meter høg og skal vera den høgaste bautasteinen i landet. Toppen er knekt av, så opphavleg har "synåla" raga endå høgare. Steinen lener seg inn mot kyrkjeveggen og i følgje ei gammal segn skal dommedag inntreffa når Jomfru Marias synål tangerer Olavskyrkja. Det fanst ei runeinnskrift på bautasteinen, men denne er no viska bort.  
Attmed kyrkjeveggen, ikkje langt frå Flagghaugen, står bautasteinen kalla Jomfru Marias synål. Han er 7,2 meter høg og skal vera den høgaste bautasteinen i landet. Toppen er knekt av, så opphavleg har «synåla» raga endå høgare. Steinen lener seg inn mot kyrkjeveggen og i følgje ei gammal segn skal dommedag inntreffa når Jomfru Marias synål tangerer Olavskyrkja. Det fanst ei runeinnskrift på bautasteinen, men denne er no viska bort.  

Flagghaugen og Jomfru Marias synål inngår i eit rikt fornminneområde like ved Olavskyrkja. Her har stått fleire bautasteinar, som no er borte. Like sør for kyrkja låg den store gravhaugen kalla Kjellarhaugen. Haugen, som ikkje er nærare datert, fekk namnet sitt då soknepresten brukte han til å anleggja potetkjellar i første del av 1800-talet. Restane av Kjellarhaugen blei undersøkt og restaurert i 2000.

Linje 20: Linje 20:

==Kongsgarden==
==Kongsgarden==
Avaldsnes var etter slaget i [[Hafrsfjord]] ein av Harald Hårfagre sine viktigaste kongsgardar. Den første rikskongen døydde her og blei gravlagt ved Karmsundet. Sagaopplysningar og lokal tradisjon har peika mot at Harald blei hauglagt på [[Haugå]] eller [[Gardå]] i noverande [[Haugesund]]. Etter initiativ frå borgarar i Haugesund blei det i 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, bygd ein stor haug oppå ein liten gravhaug på Gardå. På toppen av haugen reiste ein så Haraldsstøtta, som har fått status som offisiell markør for Harald Hårfagre si grav. Håkon den gode, son til Harald Hårfagre, budde truleg også i periodar på Avaldsnes. Sørvestlandet utgjorde kjerneområdet i kystriket som stod under direkte kontroll av Håkon, og det strategiske Karmsundet var ein naturleg opphaldsstad. Håkon hadde teke den kristne trua under oppfostringa hos kong Adalstein i Wessex, og det er rimeleg å tru at han let reisa ei kyrkje i kongsgarden på Avaldsnes.  
Avaldsnes var etter [[slaget i Hafrsfjord]] ein av Harald Hårfagre sine viktigaste kongsgardar. Den første rikskongen døydde her og blei gravlagt ved Karmsundet. Sagaopplysningar og lokal tradisjon har peika mot at Harald blei hauglagt på [[Haugå]] eller [[Gardå]] i noverande [[Haugesund]]. Etter initiativ frå borgarar i Haugesund blei det i 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, bygd ein stor haug oppå ein liten gravhaug på Gardå. På toppen av haugen reiste ein så Haraldsstøtta, som har fått status som offisiell markør for Harald Hårfagre si grav. Håkon den gode, son til Harald Hårfagre, budde truleg også i periodar på Avaldsnes. Sørvestlandet utgjorde kjerneområdet i kystriket som stod under direkte kontroll av Håkon, og det strategiske Karmsundet var ein naturleg opphaldsstad. Håkon hadde teke den kristne trua under oppfostringa hos kong Adalstein i Wessex, og det er rimeleg å tru at han let reisa ei kyrkje i kongsgarden på Avaldsnes.  

Olav Tryggvason og Olav den heilage hadde sine maktbasar andre stader i landet, men også dei var innom Avaldsnes på reisene langs kysten. To eventyraktige episodar er knytta til Olav Tryggvason sine opphald her. Ved det eine høvet fanga kongens følgje ein flokk seidmenn, som blei sette på Skratteskjer der dei døydde ved flo sjø. Andre gongen kom sjølvaste Odin til gards i form av ein gammal, einauga mann. Han fortalde kong Olav mellom anna historien om kong Augvald som hadde gjeve namn til Avaldsnes. Denne kong Augvald skal ha hatt ei ku han var svært glad i. Ho følgde han overalt, og då ho døydde blei ho lagt i ein gravhaug. I Odd Munk sin saga om Olav Tryggvason heiter det at Olav etter møtet med Odin gjorde [[haugbrot]] på Avaldsnes og plyndra gravene til Augvald og kua hans.

Både Olav Tryggvason og Olav den heilage er i lokal tradisjon knytta til kristninga av folk i Karmsund-området. Dåpen skal ha skjedd på ein haug i nærleiken av der Olavskyrkja seinare vart reist. Meir handfast er forteljinga om Olav den heilage sitt møte med "rygekongen" [[Erling Skjalgsson]] på Avaldsnes tidleg i 1020-åra. Bakgrunnen var at Asbjørn frå Trondenes, ein slektning av Erling, hadde drepe kongen sin [[årmann]] på Avaldsnes, Tore Sel. Situasjonen blei svært spent, men biskop Sigurd gjekk i mellom og fekk til ein avtale mellom Olav og Erling.
Både Olav Tryggvason og Olav den heilage er i lokal tradisjon knytta til kristninga av folk i Karmsund-området. Dåpen skal ha skjedd på ein haug i nærleiken av der Olavskyrkja seinare vart reist. Meir handfast er forteljinga om Olav den heilage sitt møte med «rygekongen» [[Erling Skjalgsson]] på Avaldsnes tidleg i 1020-åra. Bakgrunnen var at Asbjørn frå Trondenes, ein slektning av Erling, hadde drepe kongen sin [[årmann]] på Avaldsnes, Tore Sel. Situasjonen blei svært spent, men biskop Sigurd gjekk i mellom og fekk til ein avtale mellom Olav og Erling.

==Olavskyrkja==
==Olavskyrkja==
Linje 41: Linje 41:
                            
==Etterreformatorisk tid==
==Etterreformatorisk tid==
{{thumb|Avaldsnes kirke, Rogaland - Riksantikvaren-T237 01 0017.jpg|Det var lenge på tale å riva Olavskyrkja, men restaureringar på 1800- og første del av 1900-talet berga kyrkja.|C. Christensen Thomhav}}
Folketapet og unionane i seinmellomalderen førte til at kongemakta sine bånd til Avaldsnes losna. Olavskyrkja blei ei vanleg soknekyrkje, og garden Avaldsnes fekk ein flytande overgang frå kongsgard til prestegard. Sterkt forfall prega Olavskyrkja i denne tida. Ved reformasjonen framstod kyrkja som ei ruinkyrkje. Rundt 1600 blei det halde gudstenester i koret. Taket i skipet hadde ramla ned, og mykje av det kraftige og høge tårnet var falle saman. I 1630 blei det inne i skipet reist eit tilbygg av tømmer til koret for å skaffa meir plass. Det var lenge på tale å riva Olavskyrkja, men restaureringar på 1800- og første del av 1900-talet berga kyrkja. Det siste store løftet skjedde i 1920-åra, då mellom anna tårnet blei gjenreist. Olavskyrkja er i dag framleis soknekyrkje i Avaldsnes.

Linje 69: Linje 70:
{{F2}}
{{F2}}
[[Kategori:Karmøy kommune]]
[[Kategori:Karmøy kommune]]
[[kategori:Grender og bygdelag]]
[[Kategori:Kongsgarder]]
[[Kategori:Kongsgarder]]
[[Kategori:Avaldsnes| ]]
[[Kategori:Tusenårssteder]]
{{nn}}{{artikkelkoord|59.3539156|N|5.2832412|Ø}}
Skribenter
87 027

redigeringer