Avaldsnes: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:


===Skipsgravene===
===Skipsgravene===
Den eldste kjente [[skipsgrav]]a i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden [[Gunnarshaug]] nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggjingar kom til Avaldsnes med [[Harald Hårfagre]] og [[Ynglingeætta]]. Nye granskingar har vist at gravleggjinga i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40–45 meter i tverrmål og 5–6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22–24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering, glasperler, eit voksstykke med innrissa kross og mange reiskapar, mellom anna [[smed]]utstyr.
Den eldste kjente [[skipsgrav]]a i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden [[Gunnarshaug]] nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggingar kom til Avaldsnes med [[Harald Hårfagre]] og [[Ynglingeætta]]. Nye granskingar har vist at gravlegginga i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40–45 meter i tverrmål og 5–6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22–24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering, glasperler, eit voksstykke med innriss tolka som ein kross og mange reiskapar, mellom anna [[smed]]utstyr.


Den andre skipsgrava på Karmøy, Grønhaug, ligg på garden Bø nordvest for Olavskyrkja. Arkeologen Haakon Shetelig frå Bergens Museum grov ut haugen, som hadde vore plyndra tidlegare, i 1902. Han fann at Grønhaug var om lag 30 meter i diameter og 4 meter høg. Også i denne grava var berre fragment av skipet bevart. Det hadde truleg vore kring 15 meter langt og nærare 3 meter breidt. Store mengder dun frå dyner eller puter kom for dagen, saman med mellom anna skår av eit grønleg glasbeger, eit vokslys, to samanhengande ringar av bronse, restar av trekar og mange små tekstilbitar. Dateringa av Grønhaug er noko uklar. To [[C-14 dateringar]] har gitt som resultat 700-talet og første eller midtre del av 900-talet. Dette spriket kan kanskje koma av at det har funne stad fleire gravleggingar i haugen.
Den andre skipsgrava på Karmøy, Grønhaug, ligg på garden Bø nordvest for Olavskyrkja. Arkeologen Haakon Shetelig frå Bergens Museum grov ut haugen, som hadde vore plyndra tidlegare, i 1902. Han fann at Grønhaug var om lag 30 meter i diameter og 4 meter høg. Også i denne grava var berre fragment av skipet bevart. Det hadde truleg vore kring 15 meter langt og nærare 3 meter breidt. Store mengder dun frå dyner eller puter kom for dagen, saman med mellom anna skår av eit grønleg glasbeger, eit vokslys, to samanhengande ringar av bronse, restar av trekar og mange små tekstilbitar. Dateringa av Grønhaug er noko uklar. To [[C-14 dateringar]] har gitt som resultat 700-talet og første eller midtre del av 900-talet. Dette spriket kan kanskje koma av at det har funne stad fleire gravleggingar i haugen.


Arkeologen Arnfrid Opedal argumenterer i si doktoravhandling for at skipsgravene på Karmøy må sjåast i samanheng med politiske tilhøve i denne delen av landet før rikssamlinga. Både [[fornaldersagaer]], som omtalar kongar på Avaldsnes, og arkeologisk materiale kan tyda på etablering av eit maktsenter ved Karmsundet med lokale støttepunkt i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Slike rike var sterkt personavhengige og utan faste grenser. Dei nøye iscenesette skipsgravleggingane i landskapet på Avaldsnes, prega av store gravhaugar frå bronsealder og eldre jernalder, kan ha vore forsøk på å skapa "lim" til oppbygging av eit nytt rike eller til å halda eit rike saman ved herskaren sin død. Dei gravlagte i skipa knytta truleg banda til forfedre og gudeverda, og begravelsane kan dermed ha legitimert dei nye makthavarane sin rett til å herska.           
Arkeologen Arnfrid Opedal argumenterer i si doktoravhandling for at skipsgravene på Karmøy må sjåast i samanheng med politiske tilhøve i denne delen av landet før rikssamlinga. Både [[fornaldersagaer]], som omtalar kongar på Avaldsnes, og arkeologisk materiale kan tyda på etablering av eit maktsenter ved Karmsundet med lokale støttepunkt i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Slike rike var sterkt personavhengige og utan faste grenser. Dei nøye iscenesette skipsgravleggingane i eit landskap prega av store gravhaugar frå bronsealder og eldre jernalder, kan ha vore forsøk på å skapa "lim" til oppbygging av eit nytt rike eller til å halda eit rike saman ved herskaren sin død. Dei gravlagte i skipa knytta truleg banda til forfedre og gudeverda, og begravelsane kan dermed ha legitimert nye makthavarar sin rett til å herska.