Avaldsnes: Forskjell mellom sideversjoner

1 545 byte lagt til ,  22. mai 2008
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 34: Linje 34:

===Hanseatane===
===Hanseatane===
Kong Håkon VI utstedte i juli 1374 det siste kjente kongebrevet skrive på Avaldsnes. På denne tida var kongsgarden nyleg gjenoppbygd etter brann. Det var hanseatane, som under krigshandlingar med den dansk-norske kongemakta i 1368 sette fyr på husa på Avaldsnes. Hanseatane kom også til å prega området i seinmellomalderen, men då på meir fredeleg vis.  
Kong Håkon VI utstedte i juli 1374 det siste kjente kongebrevet skrive på Avaldsnes. På denne tida var kongsgarden nyleg gjenoppbygd etter brann. Det var hanseatane som under krigshandlingar med den dansk-norske kongemakta i 1368, sette fyr på husa på Avaldsnes. Hanseatane kom også til å prega området i seinmellomalderen, men då på meir fredeleg vis.  

I 1584 laga ein ukjent tyskar i Bergen eit skrift kalla Den norske so. Her heiter det at den første staden hanseatane etablerte seg i Noreg, var i Nothaw (kanskje ei fortysking av "Nautøy"), men herfrå måtte dei evakuera til Bergen på grunn av sjørøvarar. Denne staden, oftast skrive Notow, er nemnt i ei rekkje hanseatiske og norske dokument mellom 1429 og 1532. Ein kjøpmann i Lübeck let til dømes i testamentet sitt frå 1429 føra opp to tønner tjøre til byggjeformål i Notow. Ei reknskapsbok tilhøyrande bergenfararlauget i Lübeck viser at skip herfrå overvintra i Notow vinteren 1470/71. Storpolitiske drøftingar fann også stad her. Den avsette erkebiskopen av Nidaros, Henrik Kalteisen, førte i november 1453 forhandlingar med kong Christian I i Notow.  
I 1584 laga ein ukjent tyskar i Bergen eit skrift kalla Den norske so. Her heiter det at den første staden hanseatane etablerte seg i Noreg, var i Nothaw (kanskje ei fortysking av "Nautøy"), men herfrå måtte dei evakuera til Bergen på grunn av sjørøvarar. Denne staden, oftast skrive Notow, er nemnt i ei rekkje hanseatiske og norske dokument mellom 1429 og 1532. Til dømes let ein kjøpmann i Lübeck i testamentet sitt frå 1429 føra opp to tønner tjøre til byggjeformål i Notow. Ei rekneskapsbok tilhøyrande bergenfararlauget i Lübeck viser at skip herfrå overvintra i Notow vinteren 1470/71. Storpolitiske drøftingar fann også stad. Den avsette erkebiskopen av Nidaros, Henrik Kalteisen, førte i november 1453 forhandlingar med kong Christian I i Notow.  

Dei skriftlege kjeldene tyder på at Notow på 1400-talet var kontrollert av hanseatane i Bergen og Lübeck. Staden blei nytta som hamn og truleg til å driva handel. Hollandske sjøkart frå siste del av 1500-talet og 1600-talet har avmerkt Notow på Avaldsnes. På Bukkøy nedanfor Olavskyrkja finst stadnamna Nora Nottå og Søra Nottå. Ved marinarkeologiske undersøkingar i regi av Stavanger Sjøfartsmuseum er det på sjøbotnen ved Gloppeneset og Bukkøy funne keramikk av tysk og hollandsk opphav, lær/skinn, glas, teglstein, flint, dyrebein, trerestar og ballaststein. Det dreier seg dels om tjukke avfallslag, som etter alt å døma må sjåast i samanheng med hanseatane sine aktivitetar. På land er det så langt ikkje registrert sikre spor etter Notow, men det må tilføyast at Bukkøy er tilplanta med tett granskog, noko som gjer leiting etter hustufter og avfall svært vanskeleg.                 

===Etterreformatoroisk tid===
Folketapet og unionane i seinmellomalderen førte til at kongemakta sine bånd til Avaldsnes losna. Olavskyrkja blei ei vanleg soknekyrkje, og garden Avaldsnes fekk ein flytande overgang frå kongsgard til prestegard. Sterkt forfall prega Olavskyrkja i denne tida. Ved reformasjonen framstod kyrkja som ei ruinkyrkje. Rundt 1600 blei det halde gudstenester i koret. Taket i skipet hadde ramla ned, og mykje av det kraftige og høge tårnet var falle saman. I 1630 blei det inne i skipet reist eit tilbygg av tømmer til koret for å skaffa meir plass. Det var lenge på tala å riva Olavskyrkja, men restaureringar på 1800 og første del av 1900-talet berga kyrkja. Det siste store løftet skjedde i 1920-åra, då mellom anna tårnet blei gjenreist. Olavskyrkja er i dag framleis soknekyrkje i Avaldsnes.

Tunet på prestegarden låg like sør for Olavskyrkja. Prestegarden brann ned i 1698, men vart raskt gjenreist. Tunet fekk utover 1700-talet eit klarare kvadratisk plan med opning mot sør. Hovudbygningen låg ute på terassekanten mot Karmsundet i aust, borgestove og stall stod i nord nær kyrkjegardsmuren og ein lang fjøs- og låvebygning avgrensa tunet mot vest. I 1872 let soknepresten oppføra ein ny hovudbygning lenger mot sør, noko som førte til ei gradvis oppløysing av det gamle tunet. Av eldre bygningar finst i dag kun eit stabbur, som truleg skriv seg frå gjenreisinga etter brannen i 1698. Hovudbygningen frå 1872 blei riven i 2003 for å gje plass til Nordvegen Historiesenter.