Bekkestad (Bykle gnr 6/37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2016 kl. 14:28 av Siri J (samtale | bidrag) (info frå familie)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bekkestad
Rydda: 1964
Utskilt: 1964
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 6
Bnr: 37
Type: Bustadeigedom

Huset på Bekkestad i Bykle kommune vart oppsett i 1962 av Torbjørn Tveiten og kona, Margit. Tomta vart utskilt frå Der nede, bnr 25, og matrikulert i 1964.

  • Torbjørn Tveiten, f 1912, d 2003
g m Margit Sjursdotter Vatnedalen, f 1917, d 2008. Born:
  • Lars Sveinung, f 1956, g m Birgit Bjugsdtr. Sollid, sjå Malmvegen 26, gnr 2, bnr 353

Torbjørn Tveiten var frå Tørvikbygd i Hardanger. Far hans heitte Lars Tveiten. Margit kom frå Nordstog Vatnedalen, foreldra hennes var Sjur Sjurson Vatnedalen og kona, Åshild Knutsdotter, fødd Stavenes.

Torbjørn var ingeniør, og arbeidde som anleggsleiar i eit entreprenørfirma i Ålvik, Hardanger, i over 30 år. Margit var husmor.

Det var planen at Torbjørn og Margit båe skulle flytje hit, men så slapp han ikkje ifrå i Hardanger, så difor vart det berre Margit og sonen som kom til å vera her eit par års tid. I 1964 drog også dei attende til Ålvik, og huset her vart då feriestad.

Avdi huset her ikkje var buande i under anleggstida på 1970-talet, fekk dei eit nytt på Hovden av I/S Øvre Otra. Torbjørn og Margit flutte dit i 1978. Sjå Blesterkroken 6, gnr 2, bnr 347.


0941 Bykle komm.png Bekkestad (Bykle gnr 6/37) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ørnefjødd Der nede (Bakken) • Neste bolk: Brekkeskar

Koordinater: 59.46817° N 7.37965° Ø