Berdalen (Bykle gnr 3): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Berdalen | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = [[Vikin...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 21: Linje 21:
| postnr        =  
| postnr        =  
}}
}}
'''[[Berdalen]]''' er ein [[matrikkelgard]] i [[Bykle kommune]]. To-tre km nordanfor [[Hoslemo (Bykle gnr 4-5)|Hoslemo]] går ein dal austetter frå [[Otra|Otra-dalføret]]. I botnen av denne dalen renn elva [[Berdøla]], og oppi lia på nordsida av elva ligg Berdalsgardane.  
'''[[Berdalen (Bykle gnr 3)|Berdalen]]''' er ein [[matrikkelgard]] i [[Bykle kommune]]. To-tre km nordanfor [[Hoslemo (Bykle gnr 4-5)|Hoslemo]] går ein dal austetter frå [[Otra|Otra-dalføret]]. I botnen av denne dalen renn elva [[Berdøla]], og oppi lia på nordsida av elva ligg Berdalsgardane.  
   
   
Om namnet Berdalen skriv Amund B. Larsen i ''Norske Gaardnavne'' (VIII, s.212):  
Om namnet Berdalen skriv Amund B. Larsen i ''Norske Gaardnavne'' (VIII, s.212):  
Linje 254: Linje 254:
|1991  
|1991  
|}
|}
==Den udela garden==
Dei einskilde bruksnummera i oversikta ovanfor kjem me til etter kvart. Men lat oss nå sjå på oppsitjarane på den udela garden.
Som det ofte kan vera, har me ingen skriftlege kjelder med personnamn å vise til fyrr me kjem litt ut på 1600-talet, i dette tilfellet til landskattelista frå 1613, der det er oppskrive ein «Osmund Berdal» i rubrikken for øydegardsmenn.
At garden vart skattlagd som øydegard tyder ikkje nødvendigvis at han var nyleg oppteken or øyde. I skatteteknisk meining var ein øydegard i [[Råbyggjelaget]] ein gard med landskyld på ei hud eller mindre, og som me var inne på ovanfor, vart Berdalen rekna til 1/2 hud. Garden er også nemnd i bygningsskattelista frå 1595 og i ei jordebok frå 1607, men dette er kjelder som berre registrerer namn på gardar, ikkje personnamn.
Men så finn me som nemnt Åsmund Berdalen i 1613. Denne mannen heitte Åsmund Aresson. Kona hans hadde skyldskap til [[Åkre (Valle)|Åkre]] i [[Valle kommune|Valle]], og Åsmund er difor omtala i brev som gjeld den garden (jfr. ''Valle'' IV, 96). Desse breva, som vart skrivne i 1617 og 1623, fortel m.a. at Åsmund hadde vore gift med ei enke frå Berdalen, som heitte Margit Tallaksdotter. Vidare går det fram at Åsmund i 1623 budde på [[Reindal (Tokke)|Reindal]] i [[Mo kommune (Telemark)|Mo]], og grunnen til at han vert nemnd er at Margit då var død, og at son hennes frå fyrste ekteskapet, som heitte Torjus Gunsteinsson, løyste ut «helmingsretten» hennes, dvs. retten hennes til halve arven etter fyrste ektemaken, frå Åsmund. I og med at sonen vert kalla Gunsteinsson, veit me at fyrste mannen åt Margit må ha heitt Gunstein, og han vert då den fyrste oppsitjaren i Berdalen me kjenner namnet på.
'''Gunstein''', d fyre 1613
: g m Margit Tallaksdtr., d fyre 1623, g 2. m Åsmund Aresson. Born iallfall:
:* '''Torjus''', n m.a. 1615, d ca 1657, sjå nedanfor
Kvar Margit Tallaksdotter skal plasserast i ættesamanheng er ukjent, men Gunstein var ein eldre bror åt Niklos Åkre i Valle. Ein yngre bror heitte Ånund. Kvar foreldra budde er uvisst (jfr. ''Valle'' VI, 97). Åsmund Aresson budde som nemnt på Reindal i Mo, og etter ''Mosoga'' (I, s.420) sat han med den garden iallfall i perioden 1611-23, men likevel svara han altså ein brukarskatt for Berdalen i 1613, og må vel då ha vore her det året. Sidan var det styksonen, Torjus Gunsteinsson, som budde her. Han svara all skatt av garden frå og med 1615 til og med 1657. Me reknar difor med at han har døytt i eller kort etter det sistnemnde året. Som me var inne på ovanfor, løyste han ut halve farsarven sin frå stykfaren i 1623, og i odelsmanntalet frå 1624 ser me at han då åtte alle dei 6 skinna i Berdalen. Dertil hadde han 3 kalveskinn til i [[Jeiskeli (Bykle gnr 3/7)|Jeiskeli]] og endå 3 i Åkre i Valle.
'''Torjus Gunsteinsson Berdalen''', n m.a.1614, 1657
: g m Gyro Ulvsdtr., n 1623. Born:
:* ? '''dotter NN''', g m Olav Knutsson (Hoslemo?), sjå nedanfor
:* Margit, g m Ånund Bjugsson Åkre
Namnet til kona åt Torjus står i det fyrromtala brevet frå 1623, men kvar ho var utstokke er på vona. [[Alfred Ryningen]] ymtar forsiktig om at Margit Torjusdotter, som var gift med Ånund Bjugsson Åkre i Valle, kanskje var dotter åt Torjus og Gyro ( jfr. ''Valle'' VI, 99). Om ein berre hadde hatt farsnamnet å byggje på, ville nok dette vore heller usikkert, men eit moment som Ryningen ikkje nemner støttar godt opp om gjetinga hans: Svålaug Ånundsdotter Åkre ervde ein part på 1 1/2 kalveskinn i Berdalen på skiftet etter faren i 1670, og det er all grunn til å tru at denne parten har kome frå mor hennes.
I bolken om Hoslemo vert det fortalt at Knut Knutsson Byklum noko fyre 1667 bytte til seg 5 skinn i den garden mot «gods og odel i Berdalen». Dette tyder på at den neste kjende oppsitjaren her truleg hadde gods i Hoslemo å byte bort, og då kan ein kanskje gjeta på at han var frå den garden.
Når me, slik familielista ovanfor viser, trur at denne mannen helst var gift med eldste dotter åt Torjus og Gyro, er også det lite meir enn gjeting. Men iallfall heitte ein av sønene Torjus, ser me, og det ville unekteleg høve godt om den nye mannen var gift med ei dotter åt den fyrre kjende oppsitjaren. Elles veit me ikkje stort meir om han enn namnet, den omtrentlege alderen, og namn og alder på nokre søner. Dette går fram av manntalet frå 1666.
'''Olav Knutsson (Hoslemo?)''', f ca 1614, d ca 1703
: g m NN Torjusdotter (?). Born:
:* Arne, f ca 1652, g m ukj. sjå nedanfor
:* Såve, f ca 1657, g m ukj. sjå nedanfor
:* Torjus, f ca 1659, n 1666, 1700, lagnad ukj.
:* Ånund (?), n 1705, 1721, sjå nedanfor
:* ? Hallvard, n 1705, sjå nedanfor
Om Ånund høyrer heime i denne syskenflokken er me litt usikre på, men som me kjem attende til budde det sidan ein Ånund Olavsson i Berdalen, og me vil helst tru at han var ein son åt Olav Knutsson. Me reknar med at Ånund var død fyre 1723, og kjenner ikkje til om han hadde familie. Om Torjus var gift er også ukjent. Utanom manntalet frå 1666 har me berre funne han omtala i ei restanseliste frå 1700. Det som elles står å lesa i den kjelda kjem me attende til.
Som nemnt ervde Svålaug Åkre ein part i Berdalen i 1670, men denne parten har nok Olav Knutsson løyst inn med ein gong etter skiftet, for i jordeboka frå det same året står det at han åtte heile garden.
I 1687 selde Olav ein del av gardsskogen sin til uthogst til presten [[Esaias Bugge]]. Etter det me kan skjøne var avtala slik at grunnen skulle gå attende til Berdalen etter at hogsten var avvikla, og såleis vart det. Me kjem attende til dette.
I den ovannemnde restanselista frå 1700 står det oppført at Olav, Arne, Torjus og Såve var «forarmet, gaaer och betler, Godsit ligger ødde», så her må det ha gått fyre seg ei dramatisk forverring av stoda, utan at me kjenner meir til detaljane eller bakgrunnen. At garden låg øyde, var vel kanskje ei overdriving frå futens side, men skattelistene viser iallfall at det i åra 1698-1700 ikkje vart svara nokon skatt.
Me var inne på at Olav hadde selt skog til uthogst i 1687, men han kan då ikkje ha selt heile skogen sin. For i 1700 hadde han framleis att skog å selje, og kauparen då var ein trelasthandlar i Kristiansand som heitte Peder Claussen Topdahl (= Tovdal). Me oppfattar det slik at det Claussen då kaupte var både grunnen til den skogen Esaias Bugge hadde fått hogge ut, og det Olav Arnesson framleis hadde att av urørd skogsmark. Når vallepresten og sidan ei rad med andre utanbygds eigarar var så interesserte i å skaffe seg skog her, må det nødvendigvis vera avdi det var forteneste på tømmerdrift, og det hadde det ikkje vore, om det ikkje hadde vore mogeleg å flota tømmeret gjennom [[Sarvsfossen]]. Likevel er det utan tvil rett, slik m.a. ''Bykle kultursoge'' (1993, s. 92) er inne på, at dette var så vanskeleg floting, at nokre som prøva seg med tømmerdrift kring år 1900, gjekk dugeleg konkurs. Forklaringa må nok liggje i omfanget av drifta. Å flota ut nokre mindre kvanta år om anna, gjekk tvillaust an, men å sende store mengder med last gjennom Sarv gav så store tap at det stoppa seg sjølv.
Skogsala åt Olav Knutsson i 1687 og 1700 var nok turvande for å få halde på garden, vil me tru, men endå sto skattane ubetala. Fylgja av dette vart at kongen i 1702 eller 1703 overtok eigedomsretten til ein part på 1/3 kalveskinn.
Resten skal Olav i fylgje skattelista frå 1703 ha greidd å halde fast på, men frå andre kjelder veit me at presten Esaias Bugge hadde 3 kalveskinn med pantegods i garden då han døydde ca 1698, så det Olav sat att med av rein eige i 1703 kan ikkje ha vore meir enn 2 2/3 skinn (jfr. ''Valle'' IV, 304).
Her må me koma noko inn på den framstillinga som vert gjeve av desse tilhøva i Kultursoga (1993, 91 ff). Der står det å lesa som fylgjer:
{{sitat|Esaias Bugge åtte skog i Berdalen. Denne skogen er sett til eit geiteskinn skyld. Valleboki seier at han åtte eit geiteskinn i Berdalen og furuskogen. Dette lyt vere ei mistyding, for skogen hadde denne skylden.}}
At det her ligg fyre minst ei mistyding er sikkert nok, men ikkje i «Valleboki». Berdalsskogen vart ikkje skyldsett for seg sjølv fyrr i samband med matrikkelarbeidet frå 1838, og det pantegodset Esaias Bugge åtte var faktisk eit geiteskinn i Berdalen, eller m.a.o. halve garden. At Bugge i røynda ikkje, slik han sjølv og ervingane hans meinte, åtte skogen på garden i tillegg til dei 3 skinna, kjem me attende til.
Dei endra eigartilhøva førde ikkje garddeling med seg. Olav og sønene heldt fram med å bruke heile eigedomen, men laut svara leige til ervingane etter presten for halvparten deira.
Den ovannemnde skattelista frå 1703, der kongen er oppført som deleigar, er den siste der me finn Olav omtala som oppsitjar i Berdalen. På denne bakgrunnen vil me tru at han døydde 1703 eller 1704.
Etter at Olav var borte finn me nokre år Arne, Såve og Ånund som sambrukarar på eigedomen. Ein fjerde kar, som vert nemnd som oppsitjar ilag med Arne og Ånund i 1705, heitte Hallvard. Kven han var, har me inga avgjort meining om, men han kan kanskje ha vore ein femte bror? Såve var ikkje her i 1705, men nokre år seinare kom han inn som medbrukar, og han var oppsitjar i Der nede iallfall f.o.m. 1715 t.o.m. 1728. Ånund Olavsson kverv derimot etter 1721, og må vel ha døytt ved dei tider. I skattelista frå 1712 ser me elles at futen då hadde kome ajour med eigartilhøva, slik at ervingane etter Esaias Bugge endeleg vart oppskrivne som eigarar av 3 kalveskinn.
I 1712 må Arne Olavsson ha vore død, for frå det året er det enka hans som eit bil er oppskrive som oppsitjar.
'''Arne Olavsson Berdalen''', f ca 1652, d ca 1711
: g m Hæge(?), d etter 1721. Born, iallfall:
:* Kari, g 1715 m Åsmund Tarjeisson Espetveit, sjå [[Der uppe (Bykle gnr 3/4)|Ber uppe]], bnr 4
:* Targjerd, f ca 1698, d 1765, ug
Kva kona åt Arne heitte veit me eigentleg ikkje, ho er ikkje omtala i kyrkjeboka. Men avdi eldste dottera kalla dei to eldste døtrene sine Hæge, kan det vera rimeleg å gjeta på at mor hennes heitte såleis. Elles veit me ikkje meir om henne enn at «Arne Olsens enke» figurerer i skattelistene, og som det går fram ovanfor, kjenner me til to døtrer.
Etter at Arne var død tykkjest garden å ha vorte dela, slik at enka og borna vart sitjande på Der uppe, medan Såve og folket hans hadde Der nede. Dette var ikkje ei formell og juridisk bindande bruksdeling, men iallfall vart det i praksis to bruk, og såleis vart dei registrerte i matrikkelen frå 1723.
På denne bakgrunnen skal me i den vidare framstillinga taka kvart bruk for seg (sjå lenkjer i tabellen ovafor).


{{Byklesoga}}
{{Byklesoga}}